It’s Only Rock ’n’ Roll (But I Like It)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)» er ein song av det britiske rockebandet The Rolling Stones, og tittelsporet og første singelen frå albumet It's Only Rock 'n' Roll frå 1974. .
Remove ads
Innspeling og inspirasjon
Songen vart spelt inn seint i 1973 og gjort ferdig våren 1974,[1] og er tislskriven Mick Jagger og Keith Richards, sjølv om den framtidige Rolling Stones-gitaristen Ronnie Wood samarbeidde med Jagger på songen.[2] Songen vart opphavleg spelt inn ein kveld i studioet til Wood heime hos han i Richmond i London.[3] David Bowie var korsongar, Willie Weeks spelte bass og Kenney Jones trommer. Songen på albumet liknar originalinnspelinga og Stones nytta det opphavlege rytmesporet.
Remove ads
Utgjeving
Songen kom ut i juli 1974 og nådde sekstandeplassen i USA og tiandeplassen i Storbritannia. B-sida var balladen «Through the Lonely Nights», som ikkje vart gjeven ut på album før samlinga Rarities 1971-2003 i 2005.[1]
Det vart spelt inn ein musikkvideo for «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)», regissert av Michael Lindsay-Hogg,[1] der bandet er kledde i matrosdressar og spelar inne i eit telt som gradvis vert fylt med såpebobler. Videoen var ein av dei siste framføringane Mick Taylor gjorde med bandet.
The Rolling Stones har spelt songen mykje på konsertar, men ofte i ein annan toneart enn på studioutgåva. Han finst på konsertalbuma Love You Live (1977) og Live Licks (2004).
Remove ads
Salslister
Andre utgåver
Songen er spelt av mellom andre Twisted Sister. Tina Turner spelte songen på 50-årsjubileumsturneen hennar i 2008-2009.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads