It's a Man's Man's Man's World
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«It's a Man's Man's Man's World» er ein song av James Brown og den dåverande kjærasten hans Betty Jean Newsome. Brown spelte inn songen 16. februar 1966 i eit studio i New York og gav han ut som singel seinare på året. Songen nådde toppen på Billboard R&B-lista og åttandeplassen på Billboard Hot 100.[1][2] Tittelen er eit ordspel på komedien It's a Mad, Mad, Mad, Mad World frå 1963.
Remove ads
Song
Teksten er av Rolling Stone blitt skildra som «bibelsk sjåvinistisk»,[3] og tilskriv alt arbeidet i den moderne sivilisasjonen (bilen, toget, båten, med [[Noahs ark som døme, og elektrisk lys) til menn, men hevdar at «ingen av det tyder noko utan ei kvinne eller ei jente».[4] Songen seier òg at menn lagde leiketøy for babygutar og jenter, og at «menn tener pengar» frå andre menn.
«It's a Man's Man's Man's World» utvikla seg over ein periode på fleire år. Tammy Montgomery, betre kjend som Tammi Terrell, spelte inn «I Cried», ein song Brown skreiv basert på same akkordrekkje, i 1963. Brown sjølv spelte inn ein demoversjon av songen, som han kalla «It's a Man's World», i 1964. Denne versjonen kom seinare ut på samleplatene The CD of JB og Star Time.
Den utgjevne versjonen av «It's a Man's Man's Man's World» vart spelt inn raskt, på berre to forsøk, med eit studioband sett saman av turnébandet til Brown og ein strykeseksjon dirigert av Sammy Lowe. Eit kvinnekor var med på innspelinga, men partiet deira vart fjerna frå den endelege versjonen.[5]
«It's a Man's Man's Man's World» vart fast på konsertane til Brown resten av karrieren hans. Den langsame rytmen og pompøse vokalen gjorde at han kunne ha lange versjonar der han snakka om kjærleik og tap og stundom henta inn utdrag frå andre songar. Songen er med på nesten alle konsertalbuma til Brown frå 1967 og frametter. Brown spelte òg inn songen med storband i lag med Louie Bellson Orchestra for albumet Soul on Top frå 1970.
I 2004 vart «It's a Man's Man's Man's World» rangert på 124. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Remove ads
Medverkande
- James Brown – solovokal
- Dud Bascomb – trompet
- Waymon Reed – trompet
- Lamarr Wright – trompet
- Haywood Henry – barytonsaksofon
- Ian Bridle – piano
- Billy Butler – gitar
- Bernard «Pretty» Purdie – trommer
Andre musikarar, inkludert trombone, bass og strykarar, er ukjende.
Musikken vart arrangert og dirigert av Sammy Lowe[6]
Lister
Andre versjonar
Songen har blitt spelt inn av mange andre artistar over åra:
- Tom Jones spelte inn songen i 1968 på albumet The Tom Jones Fever Zone.
- The Residents spelte inn songen på albumet George and James. Musikkvideoen til songen vart ofte spelt på MTV.
- Det var den første hitsingelen til den australske songaren Renée Geyer, som spelte inn songen for albumet It's a Man's Man's World i 1974.
- Grand Funk gav ut ein versjon av songen kalla «It's a Man's World» i 1983 på albumet What's Funk?
- Christina Aguilera framførte ein kritikarrost versjon av songen som ei posthum hyllest til James Brown på Grammyprisutdelinga i 2007.
- Seal spelte inn songen i 2008 på albumet Soul og gav han ut som den andre singelen frå albumet.
- Den polske divaen Edyta Górniak song songen i finalen av Jak Oni śpiewają den 21. november 2009.
- Songen vart spelt i TV-serien Glee med Quinn Fabray (Dianna Agron).[12] Denne versjonen nådde 73. plassen på den kanadiske singellista, 94. plassen på UK Singles Chart og 95. plassen på Billboard Hot 100.[13][14]
- Smash-stjerna Katharine McPhee spelte songen under den første sesongen av serien.
- Van Morrison spelte songen på A Night in San Francisco.
- Celine Dion spelte songen på Taking Chances World Tour: The Concert i 2010.
- Cher spelte songen på albumet It's a Man's World i 1995.
- Patricia Kaas spelte inn songen for Je te dis vous i 1993.
Neneh Cherry gav ut ein svarsong kalla «Woman» på albumet Man i 1996 som svar til sjåvinismen i originalen.
Bandet Napalm Death gav ut songen «It's a M.A.N.S World!», som gjekk til åtak på og parodierte sjåvinismen i originalen. Denne kom ut i 1988 på albumet From Enslavement to Obliteration.
Remove ads
Sampling
- Michael Jackson sampla blåsarane i introen for songen «Bad».
- «It's A Man's World» av Ice Cube på albumet AmeriKKKa's Most Wanted frå 1990 samplar songen.
- Trompetintroduksjonen vart sampla av Wu-Tang Clan i 2000 på songen «Gravel Pit» og av den nigeriansk-greske rapperen MC Yinka på songen «Χαιρετισμός» (Khairetismos) frå albumet Αλάνα (Alana).
- 2Pac brukte ein sample frå songen på «Tradin War Stories» i 1996 på albumet All Eyez on Me.
- Rapperen Beanie Sigel nytta ein sample frå songen på songen «Man's World» frå 2001 på albumet The Reason.
- Songen er òg sampla på Alicia Keys-songen «Fallin'».
- Macy Gray sampla songen på «Ghetto Love» på albumet Big.
- Songen vart òg sampla på Guilty Simpson-songen «Man's World», produsert av J Dilla.[15]
- Hiphop-bandet Heavy D & the Boyz sampla introen på songen «You Ain't Heard Nuttin' Yet» for albumet Big Tyme.
Remove ads
I andre media
- Songen vart nytta i 1993 på filmen A Bronx Tale, med skodespelaren Robert De Niro, som òg regisserte filmen.
- Songen vart nytta i opninga av komedien Think Like a Man frå 2012.
- Songen vart nytta i biografifilmen om James Brown frå 2014, Get On Up.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads