Jørgen Selmer
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jørgen Langanger Selmer (22. desember 1849–12. april 1906) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Drammen. Christian Selmer var far hans.
Selmer vart student i 1869 og cand. jur. i 1873. Han var deretter tilsett på byfutkontoret i Drammen, så fullmektig hos sakførar i Kristiania. Frå 1876 arbeidde han i statsadministrasjonen, lengste tida i Indredepartementet. Tida 1885 til han døydde var han byfut i Hammerfest.
Selmer representerte Høgre frå bykrinsen Hammerfest, Vardø og Vadsø på Stortinget valperiodane 1889-91 og 1895-97. Begge bolkane var han medlem av protokollkomiteen, 1891-sesjonen var han sekretær i denne. Også sekretær i Odelstinget 1890-91.
Han døydde 1906 i Hammerfest.
Remove ads
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Jørgen Selmer NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads