J.J. Thomson

britisk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

J.J. Thomson
Remove ads

Sir Joseph John Thomson (ofte berre J.J. Thomson) (18. desember 185630. august 1940) var ein engelsk fysikar og oppdagaren av elektronet. Denne oppdaginga gav han Nobelprisen i fysikk i 1906.

Frå 1884 til 1918 var han professor i Cambridge, og frå 1905 samstundes professor i Natural Philosophy ved Royal Institution i London. Frå 1918 var han Master of Trinity College i Cambridge. I 1880 viste han ut frå teorien til Maxwell at kvar og ein ladd lekam har ein elektromagnetisk tregleik. Han undersøkte elektrisk leiing i gassar og oppdaga i 1897 at katodestrålar består av ladde partiklar som han kalla korpusklar, som seinare viste seg å vere identiske med elektrona i atoma, og fann tilhøvet mellom ladningen deira og massen.

Han undersøkte òg ionestråler og fann prinsippa som vart lagde til grunn for massespektrografen.

Thomson vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1911.

Remove ads

Prisar (utval)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: J.J. Thomson
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads