James Couttet

From Wikipedia, the free encyclopedia

James Couttet
Remove ads

James Couttet (18. juli 192113. november 1997) var ein fransk alpinist frå Bossons i Haute-Savoie som vart verdsmeister i utfor i 1938 og tok ein OL-medalje og ein VM-medalje i 1948, samt to VM-medaljar i 1950.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Couttet var verdsmeister i utfor i Engelberg i 1938. Etter andre verdskrig var over deltok han i dei olympiske leikane i St. Moritz i 1948. Her tok han sølvmedaljen i slalåm etter sveitsaren Edy Reinalter. I tillegg kom han på tredjeplassen i kombinasjonen.

To år seinare, under VM i alpine greiner 1950 i Aspen i Colorado, sanka Couttet ytterlegare to medaljar. I utfortevlinga vann han sølvmedaljen, italienaren Zeno Colò vart verdsmeister, medan han fekk bronsemedaljen i storslalåm. Han stilte i alle tre greinene under Vinter-OL 1952 i Oslo, der han som best vart nummer seks i slalåm. I sin siste store meisterskap, VM i alpine greiner 1954 i Åre, var åttandeplassen i storslalåm hans fremste prestasjon.

Couttet vart fransk meister 17 gongar i løpet si lange karriere. Han var gift med den franske alpinisten Lucienne Schmith, verdsmeister i storslalåm i 1954.

Han døydde i Chamonix.

Remove ads

Kjelder

  • (en) James Couttet Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads