Jean Tigana

fransk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Jean Tigana
Remove ads

Jean Amadou Tigana (fødd 23. juni 1955) er ein fransk tidlegare fotballspelar, fødd i Bamako i Mali og oppvaksen i Marseille. Han vart europameister med Frankrike i 1984 og vann seks nasjonale meisterskap med Girondins Bordeaux.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...
Remove ads

Klubbspel

Tigana fekk proffkontrakt med SC Toulon i 1975 og spelte på laget i tre år. Der etter vart det også tre år i Olympique Lyon, før han i 1981 vart overført til Girondins Bordeaux. Tigana kom til å spele Girondins si midtbane i åtte år og var med på å vinne tre ligagull og to cup-pokalar. I 1989 gjekk han vidare til Olympique Marseille. Etter to sesongar på laget frå heimbyen la han opp våren 1991.

Remove ads

Landslagsspel

Tigana var fransk landslagsspelar frå 1980 til -87 og spelte i alt 52 landskampar. Han deltok i fotball-VM 1982 og i EM 1984 på heimebane. Her var han med på laget som vann EM-finalen med 2-0 over Spania. To år seinare var han med i alle sju kampane Frankrike spelte under VM 1986 i Mexico, der han i kampen mot Ungarn skåra sitt einaste landslagsmål. Meisterskapen enda med bronse til Frankrike. Både då og tidlegare var Tigana på landslaget ein av spelarane i gruppa som franskmennene kalla «det magiske kvadratet». Michel Platini, Luis Fernández og Alain Giresse var dei andre i le Carré Magique.

Remove ads

Merittar

  • Europameister: 1984 med Frankrike
  • VM-bronse: 1986 med Frankrike
  • Fransk seriemeister: 1984, 1985 og 1987 med Girondins Bordeaux
  • Fransk cupmeister: 1986 og 1987 med Girondins Bordeaux

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads