Telegram Sam
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Telegram Sam var den tredje førsteplassen til den britiske rockegruppa T. Rex. Songen vart opphavleg gjeven ut på albumet The Slider i 1972.
Han er kanskje mest kjend for å ha innført uttrykket «main man» i populærkulturen[1], og låg på førsteplassen i to veker.[2]
Teksten nemner fleire personar som Bobby, Golden Nose Slim, Jungle Faced Jake og Purple Pie Pete. Han inneheld òg tekstlinjene som Marc Bolan skreiv om seg sjølv: Me I funk/but I don't care/I ain't no square/with my corkscrew hair, ei linje som industrirockbandet KMFDM lånte for songen deira «Me I Funk». Riffet har ein liknande karakter som den massive hitten frå året før, «Get It On». «Telegram Sam» gjorde det ikkje like bra andre stander som «Get It On», og nådde til dømes berre 67. plass på Billboard Hot 100 i USA.
«Telegram Sam» var den første singelen som vart gjeven på Marc Bolan sitt eige T.Rex Wax Co., og kom ut 21. januar 1972. B-sida til singelen var «Cadilac».
«Telegram Sam» vart skriven av Bolan om revisoren Sam Alder, som sende Bolan, via telegram, melding om at «Get It On» hadde nådd førsteplassen i Storbritannia. Alder arbeidde òg med King Crimson og Roxy Music (særleg Bryan Ferry).
I 1980 vart songen spelt inn av gothrockbandet Bauhaus, som gav han ut på singel.
Remove ads
Medverkande
- Marc Bolan: solovokal, gitar
- Steve Currie: bassgitar
- Mickey Finn: congatrommer
- Bill Legend: trommer
- Howard Kaylan: korvokal
- Mark Volman: korvokal
- Tony Visconti: korvokal
Salslister
Remove ads
Bauhaus-versjonen
Ein versjon av «Telegram Sam» var den fjerde singelen til det britiske gothic rock-bandet Bauhaus. Han kom ut på 7" og 12", der sistnemnde hadde ein versjon av John Cale sin «Rosegarden Funeral of Sores» som ekstra spor. B-sida var elles songen «Crowds».
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads