Jegihorn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jegihorn
Remove ads

Jegihorn er eit 3 206 meter høgt fjell i Wallis-Alpane. Fjellet reiser seg ovan for Saas-Grund på austsida av Saastal. Fjellet er det vestlegaste i fjellrekka Jegigrat, som i aust-nordaustleg retning går over i vestsida av Fletschhorn.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Utgangspunkt for ein topptur er Weissmieshütte (2 726 m).

Frå toppen er det eit vidt utsyn til dei over firetusen meter høge toppane i fjellmassivet Mischabel. Samstundes har ein godt utsyn til oppstigingsrutene på dei meir nærliggjande toppane Fletschhorn, Lagginhorn og Weissmies.

Remove ads

Ruter til topps

Normalruta går opp sørsida av Jegihorn, og er for det meste merka og mogleg å gå for øvde fjellfolk. Frå Weißmieshütte kan ein rekne med å bruke eit par timar til fjelltoppen.

I år 2000 vart det opparbeidd ein klatrestig på Jegihorn. Den såkalla panoramaklatrestigen høyrer til dei høgstliggjande slike i Alpane.

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads