Johan Neeskens
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Johannes Jacobus Neeskens (15. september 1951–6. oktober 2024) var ein nederlandsk fotballspelar og -trenar frå Heemstede i Nederland. Neeskens var ein av nøkkelspelarane på klubblaget Ajax og på Nederlands landslag, lag som i første halvdelen av 1970-åra revolusjonerte idretten gjennom sin totalfotball. Han spelte 49 landskampar for Nederland og skåra 17 mål.
Remove ads
Karriere
Klubbspel
Neeskens debuterte i 1968 med RCH Heemstede på nivå to i det nederlandske divisjonssystemet. Her spelte han i to sesongar, før han vart oppdaga av Ajax-trenaren Rinus Michels. Åra 1970-74 spelte han på Ajax, med klubben vann han Europacupen tre år på rad 1971–1973, dessutan to cupmeisterskap og to seriemeisterskap. I europacup-finalen i 1971 spelte Neeskens høgreback, sidan hadde han fast posisjon på sentral midtbane.
Etter VM 1974 i Vest-Tyskland gjekk Neeskens til FC Barcelona. I Barcelona var også den tidlegare Ajax-trenaren Rinus Michels og Johan Cruijff. Med Barcelona vann han i 1978 den spanske fotballcupen og i 1979 cupvinnarcupen med siffera 4-3 over Fortuna Düsseldorf. Etter fem år i Barcelona flytta Neeskens sommaren 1979 til den USA-amerikanske klubben New York Cosmos. Frå hausten 1984 spelte Neeskens litt her og der, utan å sette spor etter seg.
Landslagsspel
Neeskens fekk sin landslagsdebut for Nederland hausten 1970 mot Aust-Tyskland. Sesongane 1972-74 var han ein heilt sentral spelar på Nederlands fotballandslag. Med sin kvikke og rørlege spelestil passa han godt inn spelet med totalfotball. Under verdsmeisterskapen i fotball 1974 spelte Nederland seg fram til finalen. I finalen mot Vest-Tyskland i München gav Neeskens sitt lag leiinga med eit straffespark det 2. minutt, men vertsnasjonen snudde kampen og vann 2-1. Også i 1978 var Neeskens med på å spele Nederland fram til VM-finalen. På ny måtte han nøye seg med VM-sølv då vertsnasjonen Argentina vann 3-1 etter ekestraomgangar.
Trenar
Frå 1991 arbeidde Neeskens som fotballtrenar. Mellom anna var han assistentrenar for landslaga til Nederland 1995-2000 og Australia 2005-06, og i klubbane Barcelona 2006-08 og Galatasaray 2009-10. Fremste stillingane som hovudtrenar hadde han i NEC Nijmegen 2000-04 og frå 2011 i den sør-afrikanske klubben Mamelodi Sundowns.
Meistertitlar og medaljar
- Tre gongar vinnar av Europacupen med Ajax Amsterdam: 1971, 1972, 1973
- To gongar nederlandsk seriemeister med Ajax Amsterdam: 1972, 1973
- To gongar nederlandsk cupmeister med Ajax Amsterdam: 1971, 1972
- Spansk cupmeister med FC Barcelona: 1978
- VM-sølv med Nederland: 1974, 1978
- EM-bronse med Nederland: 1976
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Johan Neeskens» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2012.
Bakgrunnsstoff
- Johan Neeskens på FIFA sin offisielle nettstad
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads