Johannes Vetter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Johannes Vetter (fødd 26. mars 1993) er ein tysk spydkastar frå Dresden. Han vart verdsmeister i øvinga i 2017 og tok bronsemedaljen i VM 2019.
Remove ads
Aktiv
Vetter sette personbeste med 85,40 meter ved eit stemne i Jena den 31. mai 2015. Bort i tre månader seinare vart han nummer sju i VM i Beijing. I 2016 vart han fjerdemann under dei olympiske leikane i Rio de Janeiro, 6 cm bakom bronsevinnar Keshorn Walcott. Få veker etter OL forbetra Vetter i Berlin sin personlege rekord til 89,57 m då han sigra i ISTAF-stemnet.
I juli 2017 vart Vetter tysk spydmeister med eit bestekast i Erfurt som målte 89,35 m. To dagar seinare slengde han spydet fire gongar over 90 meter i eit DL-stemne i Luzern. Lengste kastet landa på 94,44 meter, dermed sletta han den to månader gamle landsrekorden til Thomas Röhler. Vetter krynte sesongen med siger også i verdsmeisterskapen i London, vinnarkastet var på 89,89 m. Både i 2018 og 2019 hadde Vetter årsbeste på over 90 meter. Under VM 2019 nådde han 89,35 m i kvalifiseringa, i finalen enda han opp med bronsemedalje med 85,37 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- VM 2015 i Beijing: Nr 7 – 83,79 m
- EM 2016 i Amsterdam: Utslått i kvalifiseringa (79,98 m=nr 16)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 4 – 85,32 m
- VM 2017 i London: Gullmedalje – 89,89 m, framom Jakub Vadlejch (89,73 m)
- EM 2018 i Berlin: Nr 5 – 83,27 m
- VM 2019 i Doha: Bronsemedalje – 85,37 m
- OL i 2021 i Tokyo: Nr 9 – 82,52 m
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads