John, I'm Only Dancing (Again)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«John, I’m Only Dancing (Again)» er ein song av David Bowie. Songen var ei nyinnspeling av songen «John, I’m Only Dancing» frå 1972, spelt inn under Young Americans-innspelinga.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Han vart gjeven ut på singel etter å ha lege på hylla i fem år. Songen er langt meir funkaktig og har visse likskapar med songen «Stay» spelt inn for Station to Station i 1976. Songen var opphavleg 6:57 lang, men vart redigert ned for singelutgjevinga. Den fulle versjonen vart gjeven ut på ein 12"-singel, den første Bowie-singelen som fekk ei 12" utgjeving i Storbritannia. For B-sida valde ein originalversjonen av «John, I'm Only Dancing» i ein ny miks. Etter heller skuffande sal av singlane frå Lodger, gav denne singelen Bowie noko meir merksemd. 12" versjonen vart seinare gjeven ut som bonusspor på Young Americans.

Omarbeidinga av «John, I'm Only Dancing» tar ikkje med dei originale versa, og berre refrenget er att. Den nye teksten omhandlar dansing og var i discoanda som var på denne tida. Refrenget vert levert meir langsamt med danserytmar i staden for blues-rytmen frå originalen.

Remove ads

Innhald

  • Alle songar av Bowie

7": RCA / BOW 4 (UK)

  1. «John, I'm Only Dancing (Again)» – 3:26
  2. «John, I'm Only Dancing (1972)» – 2:43

7": RCA / 11886 (US)

  1. «John, I'm Only Dancing (Again)» – 3:26
  2. «Golden Years» - 4:03

7": RCA / 11887 (US)

  1. «John, I'm Only Dancing (1972)» – 2:43
  2. «Joe The Lion»

12": RCA / BOW 12 4 (UK)

  1. «John, I'm Only Dancing (Again)» – 6:57
  2. «John, I'm Only Dancing (1972)» – 2:43

Medverkande

Remove ads

Andre utgjevingar

  • Songen vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Young Americans i 1991, og igjen på Collectors Edition av albumet i 2006.
  • Songen finst på samlealbuma:
  • Singelversjonen finst på Rare.

Andre versjonar

  • Creem - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (listed on the album as John, I'm Only Dancing)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads