Look Back in Anger

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Look Back in Anger» er ein song skriven av den engelske musikaren David Bowie og Brian Eno for albumet Lodger (1979). Han omhandlar «ein sjaskete 'dødsengel'»,[1] og har ein gitarsolo av Carlos Alomar.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

RCA Records var usikre på om Amerika var klare for den seksuelt androgyne «Boys Keep Swinging»,[2] den første singelen frå Lodger i dei fleste område, og «Look Back in Anger» vart gjeven ut i staden.[3] B-sida var ein annan song frå Lodger, «Repetition». Singelen nådde ikkje lista.

«Look Back in Anger» har fått blanda kritikk hos Bowie-kommentatorane. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray har skildra songen som «truleg det lågaste punktet» på albumet,[1] medan Nicholas Pegg reknar det som «eit av dei dramatiske høgdepunkta».[3] Chris O'Leary har kalla det «ein av dei sterkaste songane til Bowie frå seint i 70-åra».[4]

Bowie framførte songen på på Serious Moonlight-turneen i 1983 og omarbeidd til ein tung rockesong for turneane Outside- og Earthling-turneane.

Remove ads

Innhald

  1. «Look Back in Anger» (David Bowie, Brian Eno) – 3:08
  2. «Repetition» (Bowie) – 2:59

Medverkande

Musikkvideo

David Mallet regisserte ein video for songen, med Bowie i studioet til ein kunstnar. Scenarioet var basert på avslutninga i Oscar Wilde sin The Picture of Dorian Gray, som eit sjølvportrett av hovudpersonen som vert meir og meir vakker, medan han sjølv vert fysisk styggare.[5]

Andre utgjevingar

  • Songen finst på samleplatene:
  • Eit konsertopptak frå 12. september 1983 kom ut på konsertalbumet Serious Moonlight (Live '83), som var ein del av plateboksen Loving the Alien (1983-1988) i 2018 og gjeven ut separat året etter. Eit filmopptak av songen kom ut på konsertvideoen Serious Moonlight.
  • I 1988 spelte Bowie inn ein «ny, brutal versjon av songen» med Reeves Gabrels på gitar og Erdal Kizilcay på bass og trommer. Det var det første arrangementet Bowie og Gabrels samarbeidde på, før dei kort tid etter danna bandet Tin Machine.[6] Innspelinga vart gjeven ut som eit bonusspor på Rykodisc-utgåva av Lodger i 1991.
Remove ads

Andre versjonar

  • Kaligare - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
  • Swans of Avon - The Dark Side of David Bowie: A Tribute to David Bowie (1997)
  • Tender Fury - Thoughts of Yesterday (1992)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads