John Cockcroft
britisk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sir John Douglas Cockcroft (27. mai 1897 –18. september 1967 ) var ein britisk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1951 saman med Ernest Walton «for pionerarbeidet deira med omdanning av atomkjerner med kunstig akselererte atompartiklar».[1]
Remove ads
Biografi
Frå 1924 arbeidde han ved Cavendish Laboratory i Cambridge, som då var leia av Ernest Rutherford. Frå 1939 til 1946 var han professor i naturfilosofi på same stad. Han arbeidde først med å skape sterke magnetfelt og låge temperaturar. I 1928 byrja han i samarbeid med Ernest Walton å arbeide med akselerasjon av proton ved hjelp av høge spenningar. For å få til dette bygde dei ein høgspenningsgenerator, Cockcroft-Walton-generator, og påviste i 1932 dei første kjernereaksjonane skapt med kunstig akselererte partiklar, eit arbeid som dei i 1951 fekk Nobelprisen i fysikk for.
Cockcroft leia òg bygginga av den første syklotronen i Storbritannia, som stod ferdig i 1939. Frå 1938 vart han saman med Henry Tizard engasjert i utviklinga av radaren. Under andre verdskrigen var han rådgjevar for regjeringa og leia fleire forskingstiltak. I 1944 leia han det anglo-kanadiske atomenergiprosjektet som hadde sete i Montreal og fekk med det ansvaret for bygginga av nokre av dei første reaktorane i verda. I 1946 vart han direktør for Atomic Energy Research Establishment i Harwell, og i 1959 vart han vald til Master for det nye Churchill College i Cambridge.
Cockcroft var ein av dei fremste ekspertane i verda på kjernefysisk energi og ein av dei ivrigaste talsmennene for å utnytte dette til fredelege føremål.
Remove ads
Prisar (utval)
- 1955 – Faradaymedaljen
- 1951 – Nobelprisen i fysikk
- 1938 – Hughesmedaljen
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads