John Curulewski
amerikansk gitarist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
John Curulewski (3. oktober 1950–13. februar 1988) var ein USA-amerikansk musikar som var originalt medlem i rockegruppa Styx.
I 1969 vart Curulewski med i det Chicago-baserte bandet TW4, med venene Dennis DeYoung, Chuck Panozzo og John Panozzo. Gruppa utvikla seg til å bli Styx innan 1972.[1] Curulewski spelte gitar og stundom song på dei første fem studioalbuma deira frå 1972 til 1975.[2] Like etter innspelinga av albumet Equinox i 1975, slutta Curulewski i Styx for å bruke meir tid med familien, og vart erstatta av Tommy Shaw.[3]
Etter karrieren med Styx vart Curulewski gitarlærar i Chicago-området og spelte stundom med lokale band. Han døydde 13. februar 1988 av ein hjerneaneurisme. Han etterlet seg kone og ein son.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads