Andy Summers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Andy Summers
Remove ads

Andy Summers (fødd Andrew James Somers, 31. desember 1942) er ein engelsk gitarist og låtskrivar mest kjend som medlem av The Police og Eric Burdon & The Animals.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Biografi

Tidleg liv

Summers vart fødd i Poulton-le-Fylde i Lancashire i England[1] Som ung flytte familien til Bournemouth i Dorset, der han gjekk på Summerbee School[1] og byrja 14 år gammal å spele gitar. 17 år gammal spelte han på lokale klubbar. Som tenåring arbeidde han i ein musikkforretning i Bournemouth som ein ung Robert Fripp ofte vitja.[2] Sjølv om Summers hovudsakleg lærte seg sjølv å spele gitar, studerte han klassisk gitar på California State University i Northridge[3][4] i fire år fram til 1973.

Karrieren før The Police

Summers byrja karrieren sin som plateartist i 1960-åra som gitarist for R&B-gruppa Zoot Money's Big Roll Band, og den psykedelisk inkarnasjonen Dantalian's Chariot.[1][3] I 1968 var Summers nokre månader medlem av jazz-fusion-bandet Soft Machine.[3][5] Han spelte òg inn musikk med Eric Burdon and The Animals[1] (Love Is),[3] og spelte mykje av tida på midten av 70-talet med Jon Lord, Neil Sedaka, Kevin Ayers, Kevin Coyne, David Essex og andre.[1] I 1977 vart han invitert av tidlegare Gong-bassist Mike Howlett til å bli med i bandet Strontium 90 i lag med Sting og Stewart Copeland.

The Police (1977–1983; 2007-2008)

For meir om dette emnet, sjå The Police.

Summer vart internasjonalt kjend som gitarist for The Police (som han først hadde kontakt med i 1977, og var nesten ti år eldre enn resten av bandmedlemmane). Han spelte på store hittar som «Message in a Bottle», «Don't Stand So Close to Me» og «Every Breath You Take». Summers skreiv òg songar for the Police, som «Omegaman»[6] og «Mother».[7] I 1980 vann instrumentalen hans «Behind My Camel»[2] Grammyprisen for beste rockeinstrumental. Sjølv om det var Sting som i hovudsak var vokalisten, song Summers solo på fleire songar, som «Be My Girl Sally», «Friends», «Someone to Talk to» og «Mother».[8]

Etter Police

Etter at The Police vart oppløyst i 1984 heldt Summers fram karrieren sin, både som soloartist og i samarbeid med andre musikarar. Han starta òg ein karriere som forfattar og fotograf.

Remove ads

Diskografi

Studioalbum

  • I Advance Masked - 1982 (med Robert Fripp)
  • Bewitched - 1984 (med Robert Fripp)
  • XYZ - 1987
  • Mysterious Barricades - 1988
  • The Golden Wire - 1989
  • Charming Snakes - 1990
  • World Gone Strange - 1991
  • Invisible Threads - 1993 (med John Etheridge)
  • Synaesthesia - 1996
  • The Last Dance of Mr. X - 1997
  • Strykarar of Desire - 1998 (med Victor Biglione)
  • A Windham Hill Retrospective - 1998
  • Green Chimneys: The Music of Thelonious Monk - 1999 (med vokal av Sting på songen «'Round Midnight»)
  • Peggy's Blue Skylight - 2000
  • Earth + Sky - 2004
  • Splendid Brazil - 2005 (med Victor Biglione)
  • First You Build a Cloud - 2007 (med Ben Verdery)

med The Police

  • Outlandos d'Amour (1978)
  • Reggatta de Blanc (1979)
  • Zenyattà Mondatta (1980)
  • Ghost in the Machine (1981)
  • Synchronicity (1983)

Forskjellige

  • Love Is - 1968 (med Eric Burdon & The Animals)
  • Matching Head and Feet - 1975 (med Kevin Coyne)
  • Sarabande - 1976 (med Jon Lord)
  • Flashback - 1978 (med Eberhard Schoener)
  • Video Magic - 1978 (med Eberhard Schoener)
  • Video Flashback - 1979 (med Eberhard Schoener)
  • Ataraxis-2007 (med Deeyah)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads