Jorge Llopart

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jorge Llopart
Remove ads

Jorge Llopart Ribas, katalansk; Jordi Llopart Ribas (5. mai 195211. november 2020) var ein spansk kappgjengar frå El Prat de Llobregat i Katalonia som spesialiserte seg på 50 km. Han vart europameister på distansen i 1978 og vann OL-sølv i same i 1980.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Llopart gjekk heilt til topps då han i 1978 gjorde sin internasjonale meisterskapsdebut i Praha-EM. Han vann ein klar siger på 50 km, halvtanna minutt føre favoritten, Sovjetunionens Venjamin Soldatenko. Året etter presterte Llopart sin livsrekord på distansen då han 26. august vann ei tevling i Reus i Katalonia etter 3.44.33 tids gange. Under dei olympiske sommarleikane i Moskva i 1980 sikra han seg sølvmedaljen, frågått med to minuttar av Hartwig Gauder frå Aust-Tyskland. Sidan makta ikkje Llopart å vinne medaljar i dei store meisterskapane. Han kom på sjetteplass i EM 1982, sjuandeplass i Sommar-OL 1984 og vart niandemann i EM 1986.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads