Jugoslavia i Eurovision Song Contest 1992

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Jugoslavia deltok for siste gong i Eurovision Song Contest 1992 i Malmö i Sverige. Etter at Slovenia, Kroatia, Makedonia og Bosnia-Hercegovina lausreiv seg frå Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia i april 1992, danna dei to attverende landa Serbia og Montenegro Den føderale republikken Jugoslavia. Difor deltok berre Serbia og Montenegro under namnet Jugoslavia i mai 1992. Landet deltok òg med eit flagg utan den raude stjerna i midten. Etter tevlinga skipa Resolusjon 757 frå Tryggingsrådet i SN saksjonar mot Jugoslavia, og landet fekk mellom anna ikkje delta i internasjonale tevlingar og kulturarrangement, inkludert Eurovision Song Contest.[1] Jugoslavia deltok ikkje att i tevlinga før i 2004 under namnet Serbia og Montenegro. Sidan 2007 har dei to landa delteke kvar for seg, som Serbia og Montenegro. Slovenia, Kroatia og Bosnia-Hercegovina debuterte i 1993, berre to år etter den siste deltakinga som Jugoslavia. Makedonia debuterte i 1998, men forsøkte å få delteke allereie i 1996.

Kjappe fakta Eurovision Song Contest 1992, Nasjonal uttaking ...
Remove ads

Uttaking

Det jugoslaviske bidraget vart valt ut i den nasjonale uttakinga Jugovizija 1992, som fann stad 28. mars 1992. Vinnaren, som fekk representere Jugoslaiva i Eurovision Song Contest 1992, vart Extra Nena med songen «Ljubim te pesmama». Det var ein ekspertjury som valde ut vinnaren.

I Eurovision

Jugoslavia deltok som nummer 20 i finalen i Malmö i Sverige 9. mai 1992, etter Italia med «Rapsodia» av Mia Martini og før Noreg med «Visjoner» av Merethe Trøan. Extra Nena fekk 44 poeng og enda på 13. plass av totalt 23 bidrag.

Poeng til Jugoslavia

Meir informasjon 12 poeng, 10 poeng ...

Poeng frå Jugoslavia[2]

12 poeng Israel
10 poeng Malta
8 poeng Kypros
7 poeng Hellas
6 poeng Tyrkia
5 poeng Portugal
4 poeng Sverige
3 poeng Finland
2 poeng Irland
1 poeng Noreg
Remove ads

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads