Eurovision Song Contest 1992
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eurovision Song Contest 1992 var den 37. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga fann stad i Malmö isstadion i Malmö i Sverige laurdag 9. mai 1992. Arrangementet blei produsert av Sveriges Television etter at Carola hadde vunne tevlinga året før med «Fångad av en stormvind». Programleiarane var Lydia Cappolicchio og Harald Treutiger. Dette var tredje gongen svenskane var vertskap for tevlinga, etter å ha arrangert tidlegare i 1975 og 1985.
Remove ads
Nederland var tilbake etter fråveret året før, og dimed steig talet på deltakarland til 23, noko som var ny rekord. Dette var siste året der deltakaerfeltet nærast utelukkande bestod av land frå Vesten. Jugoslavia var fram til då det einaste landet frå Austblokka som deltok, men balkanlandet hadde allereie begynt å løyse seg opp, og i praksis stilte berre dagens Kosovo, Montenegro og Serbia dette året, under namnet FR Jugoslavia. Dette blei den siste deltakinga til Jugoslavia i Eurovision Song Contest. Berre veker etter tevlinga blei landet, som del av fleire SN-sanksjonar, utestengt frå tevlinga.
Irland innleia dette året den lange sigersrekkje si, då Linda Martin vann med «Why Me?», skriven av Johnny Logan. Dette var den tredje sigeren til Logan i Eurovision Song Contest. Irland skulle også vinne tevlinga dei to påfølgjande åra og deretter på nytt i 1996. Storbritannia kom på andreplass for trettande gong, mens Malta fekk si beste plassering til då med ein tredjeplass. Deretter følgde Italia på fjerdeplass, mens Hellas tangerte si bestenotering frå 1977 med ein femteplass. Noreg var representert av Merethe Trøan og songen «Visjoner». Det norske bidraget blei nummer 18 av 23 bidrag med 23 poeng.
Remove ads
Bakgrunn
Etter å ha vunne tevlinga året før med Carola og «Fångad av en stormvind», var det Sverige som var vertskap for tevlinga. Dette var den tredje gongen Sverige arrangerte finalen, dei fyrste var i Stockholm i 1975 og i Göteborg i 1985.

SVT la denne gongen tevlinga til den tredje største byen i Sverige, Malmö, og ishockeyarenaen Malmö isstadion. Arenaen var bygd om for å huse showet og 3500 publikummarar, som ifølgje BBC-kommentator Terry Wogan, hadde betalt «hundre pund per sete».[1]
Til å leie showet valde den svenske kringkastaren journalistane Lydia Capolicchio og Harald Treutiger. Ingen land debuterte i tevlinga dette året, men Nederland kom tilbake etter fråveret året før. Malta fekk delta også dette året, og dimed stilte rekordmange 23 land til start.[2] Ei loddtrekking hausten før avgjorde startrekkjefølgja. Spania opna finalen, mens Nederland avslutta. Noreg fekk startnummer 21.
Eit Europa i endring
Eurovision Song Contest blei arrangert laurdag 9. mai, og finalen samanfall med den årlige europadagen. Samantreffet blei notert da Harald Treutiger ønskte sjåarane velkommen med følgjande melding: «Europakartet forandrar seg raskt. Gamle land forsvinn, nye statar blir danna. Og når aust ikkje lenger er aust, og vest ikkje lenger er vest, har Europa blitt større. Dette skal vi feire i dag, 9. mai – europadagen.»
Kommentaren spelte nok på den pågåande demokratiseringa av Sovjetunionen og Aust-Europa. Men ikkje minst var den retta mot Jugoslavia som på denne tida var i full oppløysing. Året før hadde Kroatia, Slovenia og dåverande Republikken Makedonia erklært uavhengighet frå republikken.[3] Kort tid etter følgde Bosnia-Hercegovina etter, og ved Eurovision Song Contest 1992 var det difor i realiteten berre Serbia og Montenegro som deltok som Den føderale republikken Jugoslavia – ein stat som blei formelt etablert 28. april 1992, berre halvanna veke før finalen i Malmö. Dette blei også siste gong Jugoslavia deltok i Eurovision Song Contest; frå 1993 til 2003 var landet utestengt frå Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske uavhengighetskrigen.[4][5] Bosnia-Hercegovina, Slovenia og Kroatia debuterte i Eurovision Song Contest året etter, Makedonia i 1998 og Serbia og Montenegro fyrst i 2004.
Remove ads
Sendinga
Finalen varte i like over tre timar, og opna med ein kortfilm med bilete frå vertsbyen Malmö. Deretter blei sjåarane tekne med inn i Malmö isstadion, der gymnastikktruppen Malmöflickorna utførte eit dansenummer på scena til vinnarsongen frå året før, «Fångad av en stormvind». Scena var bygd som eit stort vikingskip med eit stort drakehovud i framstamnen og store skjold langs skipssidene. Scenegolvet var pryda av den dåverande og ikoniske logoen til Eurovision Song Contest. Til venstre på scena var orkesteret som bestod av 48 musikarar under leiing av kapellmeister Anders Berglund.[1]
Deretter dukka programleiarane Lydia Capolicchio og Harald Treutiger opp på scena og ønskte velkommen på engelsk og fransk. Deretter følgde ein lang svenskspråkleg introduksjon før fjorårsvinnaren Carola kom på scena. På svensk fortalde ho at ho ville hylle «Han som har gjeve meg alt» og framførte deretter sin nyaste song «All the Reasons to Live».[1]

Etter dette starta presentasjonen av de 23 deltakarbidraga. For fyrste gong sidan 1990 hadde tevlinga sin eigen maskot, ein teikna Donald-liknande fugl som dukka opp mellom bidraga. Kvart deltakarland blei presentert med ein postkort-film med bilete frå det respektive landet.
Pausenummeret var eit dansenummer, kalla A Century of Dance. Nummeret var ei tidsreise i svensk dans og musikk, og det starta med den tradisjonelle folkemusikken hambo og blei avslutta med svensk popmusikk frå dåtida, som Roxette og Eric Gadd.
På førehand var Storbritannia peika ut som favoritt med songen «One Step Out of Time», framført av den kjende britiske artisten Michael Ball,[2] men han måtte ta til takke med ein andreplass, den trettande for Storbritannia. I staden blei det nabolandet Irland som stakk av med sigeren, då Linda Martin fekk 155 poeng med «Why Me?», skriven av Johnny Logan. Med sine 41 år var – og er fortsatt per 2023 – Martin den eldste kvinna som har vunne Eurovision Song Contest.[6]
Dette var den fjerde sigeren til Irland, og fyrsteplassen innleia ein irsk sigersgong i tevlinga utover 1990-åra. To nye sigrar følgde i 1993 og 1994, og ytterlegare ein i 1996. Saman med sigeren i 1970, og Johnny Logan sine sigrar i 1980 og 1987, er Irland det landet som har vunne konkurransen flest gongar – med sju sigrar. I 2023 blei rekorden tangert, då Loreen vann for Sverige med songen «Tattoo».[7]
Vertslandet Sverige hamna i den andre enden av tabellen, då Christer Björkman blei nest sist med «I morgon är en annan dag». Dette er framleis eit av dei verste resultata til Sverige i tevlinga, men ti år seinare kom Björkman sterkt tilbake i Eurovision Song Contest – som produsent og ansvarleg for svenske Melodifestivalen.[2] Malta fekk si beste plassering til då med ein tredjeplass. Med tre engelskspråklege songar på topp, byrja misnøya nok ein gong å murre blant ein del deltakarland som ønskte å fjerne språkregelen.[2] Blant landa som uttrykte misnøye, var dei nordiske, som i mange år allereie hadde meint at dei engelsktalande landa hadde ein fordel i tevlinga. Språkregelen blei fyrst fjerna i 1999, og sidan då har deltakarane kunna syngje på det språket dei sjølv ønsker.
Det norske bidraget
Noreg deltok i Eurovision Song Contest for 32. gang, og det norske bidraget var «Visjoner» med Merethe Trøan. Songen er komponert av Robert Morley, med tekst av Eva Jansen. «Visjoner» vann ein overraskande siger i den norske finalen i Oslo Spektrum, etter at Tor Endresen og «Radio Luxembourg» hadde leia avrøystinga heile vegen. I den internasjonale finalen var Noreg det 21. bidraget på scena, og Rolf Løvland dirigerte for Noreg. På scena stilte Merethe Trøan i ein raud kjole med fem koristar som avslutta songen side om side med Trøan. John Andreassen kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet for siste gong.[8] Andreassen kommenterte fyrste gong i 1973 og hadde i åra før det vore sentral i produksjonen av ei rekkje norske Melodi Grand Prix-finalar. Leif Erik Forberg og Vidar Lønn-Arnesen kommenterte finalen på NRK P2.[9]
Sverre Christophersen las nok ein gang poenga frå den norske jurygruppa frå NRK Marienlyst i Oslo. I avrøystinga fekk «Visjoner» 23 poeng og blei nummer 18 av 23. Dette var fjerde året på rad at Noreg hamna langt nede på resultatlista.
Avrøystinga
Kvart land hadde ei jurygruppe med 16 medlemmar mellom 16 og 60 år som dømde songane frå dei andre landa. Jurymedlemmane var ei blanding av folk med og utan tilknyting til musikkbransjen. Songen som fekk flest juryrøyster, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10 poeng, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Kvart land hadde ein representant som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa via telefon på direkten under avrøystinga. Oppsynsmann for avrøystinga var for 15. og siste gang Frank Naef frå EBU. Naef varsla også endringar i tevlinga i åra framover – hovudsakleg på grunn av inntoget av Sentral- og Aust-Europa i EBU.[1]
Avrøystinga var lenge spennande, og både Irland, Storbritannia og Malta veksla på å leie. Etter kvart drog Irland ifrå, og då nest siste jurygruppe gav Irland 10 poeng, var den irske sigeren sikra.
Remove ads
Deltakarar
Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[10] Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.
Startnr. | Land | Språk | Artist | Song | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
01 | ![]() |
Serafín Zubiri | «Todo esto es la música» | Spansk | 14 | 37 |
02 | ![]() |
Morgane | «Nous, on veut des violons» | Fransk | 20 | 11 |
03 | ![]() |
Dafna Dekel | «Ze rak sport» (זה רק ספורט) | Hebraisk | 6 | 85 |
04 | ![]() |
Aylin Vatankoş | «Yaz Bitti» | Tyrkisk | 19 | 17 |
05 | ![]() |
Kleopátra | «Ólou tou kósmou i elpída» (Όλου του κόσμου η Ελπίδα) |
Gresk | 5 | 94 |
06 | ![]() |
Kali | «Monté la riviè» | Fransk, kreol | 8 | 73 |
07 | ![]() |
Christer Björkman | «I morgon är en annan dag» | Svensk | 22 | 9 |
08 | ![]() |
Dina | «Amor d'água fresca» | Portugisisk | 17 | 26 |
09 | ![]() |
Evrydíki | «Teriázume» (Ταιριάζουμε) | Gresk | 11 | 57 |
10 | ![]() |
Mary Spiteri | «Little Child» | Engelsk | 3 | 123 |
11 | ![]() |
Heart 2 Heart | «Nei eða já» | Islandsk | 7 | 80 |
12 | ![]() |
Pave Maijanen | «Yamma, yamma» | Finsk | 23 | 4 |
13 | ![]() |
Daisy Auvray | «Mister Music Man» | Fransk | 15 | 32 |
14 | ![]() |
Marion Welter og Kontinent | «Sou fräi» | Luxemborgsk | 21 | 10 |
15 | ![]() |
Tony Wegas | «Zusammen geh'n» | Tysk | 10 | 63 |
16 | ![]() |
Michael Ball | «One Step Out of Time» | Engelsk | 2 | 139 |
17 | ![]() |
Linda Martin | «Why Me?» | Engelsk | 1 | 155 |
18 | ![]() |
Lotte Nilsson og Kenny Lübcke | «Alt det som ingen ser» | Dansk | 12 | 47 |
19 | ![]() |
Mia Martini | «Rapsodia» | Italiensk | 4 | 111 |
20 | ![]() |
Extra Nena | «Ljubim te pesmama» (Љубим те песмама) |
Serbisk | 13 | 44 |
21 | ![]() |
Merethe Trøan | «Visjoner» | Norsk | 18 | 23 |
22 | ![]() |
Wind | «Träume sind für alle da» | Tysk | 16 | 27 |
23 | ![]() |
Humphrey Campbell | «Wijs me de weg» | Nederlandsk | 9 | 67 |
Artistar som hadde deltatt tidlegare
Poengtavle
Tavla er ordna etter røysterekkefølgja i finalen.[11]
12 poeng
Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poenga som blei avgitt under avrøystinga.
Remove ads
Dirigentar
Mens Anders Berglund var sjefdirigent, hadde dei fleste landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkjefølgja.[12]
Spania – Javier Losada
Belgia – Frank Fievez
Israel – Kobi Oshrat
Tyrkia – Aydın Özarı
Hellas – Kharis Andreadis
Frankrike – Magdi Vasco Noverraz
Sverige – Anders Berglund
Portugal – Carlos Alberto Moniz
Kypros – Jórgos Theofánous
Malta – Paul Abela
Island – Nigel Wright
Finland – Olli Ahvenlahti
Sveits – Roby Seidel
Luxembourg – Christian Jacob
Austerrike – Leon Ives
Storbritannia – Ronnie Hazlehurst
Irland – Noel Kelehan
Danmark – Henrik Krogsgaard
Italia – Marco Falagiani
Jugoslavia – Anders Berglund
Noreg – Rolf Løvland
Tyskland – Norbert Daum
Nederland – Harry van Hoof
Remove ads
Kommentatorar og poengopplesarar
Poengopplesarar
Kvart land hadde ein talsperson som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa på engelsk eller fransk over telefon.[13] Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.
Spania – María Ángeles Balañac[14]
Belgia – Jacques Olivier
Israel – Daniel Pe'er[15]
Tyrkia – Korhan Abay
Hellas – Fotini Giannoulatou[16]
Frankrike – Olivier Minne[17]
Sverige – Janne Jingryd
Portugal – Ana Zanatti
Kypros – Anna Partelidou
Malta – Anna Bonanno
Island – Guðrún Skúladóttir
Finland – Solveig Herlin
Sveits – Michel Stocker[18]
Luxembourg – Ukjend
Austerrike – Andy Lee
Storbritannia – Colin Berry[19]
Irland – Eileen Dunne
Danmark – Bent Henius
Italia – Nicoletta Orsomando
Jugoslavia – Veselin Mrđen
Noreg – Sverre Christophersen
Tyskland – Carmen Nebel
Nederland – Herman Slager
Kommentatorar og sendingar
Dei fleste landa som overførte finalen, hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1992:[20]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads