Jungelkatt

pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia

Jungelkatt
Remove ads

Jungelkatt (Felis chaus) er eit lite til mellomstort rovpattedyr i kattefamilien og er ein del av slekta Felis. Arten er utbreidd i sørvestlege og søraustlege Asia, og dessutan i nordaustlege Afrika. Arten har 19 kromosompar.[1] Det finst tre underartar.

Kjappe fakta
Remove ads

Biologi

Thumb
Jungelkatt i India.
Foto: Raju Kasambe, 2018
Thumb
Melanisme i jungelkatt.
Foto: Asani Bhaduri, 2014
Thumb
Jungelkattar er komfortable i vatn og dyktige symjarar. 
Foto: Greg Schechter, 2014

Jungelkatten blir ein del større enn dei andre artane i denne gruppa, men storleiken er også meir variabel. Han blir gravis mindre frå vest til aust og frå nord til sør.[2] Arten kan bli cirka 35–45 cm høg og kroppen måler cirka 55–76 cm, og avhengig av kjønn og underart veg han omkring 2,5–13 kg.[3] Halen utgjer i tillegg cirka 23–31 cm.[4] Storleiken varier mellom underartane og hoene blir ein god del mindre enn hannane.[3]

Vaksne jungelkattar er som regel brunleg grå eller raudleg grå (sandfarga, med pelshår som blir mørkare ytst), men det finst også individ som er svarte (melanisme) eller kvite (albinisme). I dei sørlege Vest-Ghatfjella har det vore observert kvite individ utan raude auge, noko som i så fall ikkje er ekte albinoar.[5] Desse tilfella kan koma av innavl.[5] Dei spisse øra og dei lange beina får jungelkatten til å likna på ei lita gaupe (og på engelsk blir han då også kalla «swamp lynx», «sumpgaupe»). Vaksne individ manglar gjerne flekkene som er typiske for nokre ekte gauper. Potane er dessutan forholdsvis små i forhold til storleiken.

Jungelkatten er utbreidd frå Nildalen, Tyrkia og Volgadeltaet i vest til Vietnam og kanskje det sørlegaste Sør-Kina i aust. Han finst på Sri Lanka, men er ikkje utbreidd på dei indonesiske øyane. Han er såpass vidt utbreidd i India at IUCN reknar bestanden som livskraftig, men bestandane i ytterkantane av utbreiingsområdet er fragmenterte og blir rekna som sårbare eller direkte trua.[6]

Arten er ikkje typisk for jungel, sjølv om namnet hintar om det. Han finst derimot i både fuktige og forholdsvis nedbørfattige område, særleg i våtmarksområde og i randsonene til vassdrag, der gras og siv veks tett og høgt.

Jungelkatten er meir døgnaktiv enn nattaktiv. Han kviler gjerne i ei hòle. Arten jaktar mindre dyr, både på land og på vatn, og han er også så spenstig at han kan fanga flygande fuglar. Blant byttedyra er smågnagarar, fasanar, påfuglar, harar og hòlepiggsvin. Han kan også fanga og eta froskar, insekt, krypdyr og fisk. Katten er ein dyktig symjar som gjerne tek seg fram gjennom vatn.[7]

Lengst nord i utbreiingsområdet parar jungelkattane seg seint om vinteren; lengre sør går paringa føre seg kva tid som helst på året. I paringstida kan hannane bjeffa, nærast som ein stor hund. Hoa går drektig i 63–68 dagar og føder 1–6 ungar (som oftast tre). Desse diar i cirka åtte veker og følgjer mora i 5–6 månader. I fangenskap har ein observert at også hannane, meir enn hos andre kattedyr, passar ungane. Dei blir kjønnsmodne etter 11–18 månader. Jungelkatten skal kunna bli opptil 14 år.[7]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads