Junior Eurovision Song Contest 2018

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Junior Eurovision Song Contest 2018 (JESC 2018) var den 16. gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Minsk Arena i Minsk i Kviterussland.[2] Dette var andre gongen Kviterussland arrangerer tevlinga. Finalen vart arrangert 25. november 2018.[1]

Kjappe fakta #LightUp!, Dato ...

Tjue land deltok i tevlinga, det høgste antallet med deltakande land i tevlinga si historie.[3][4] Kasakhstan og Wales deltok for fyrste gong i Junior Eurovision Song Contest, medan Aserbajdsjan, Frankrike og Israel returnerte til tevlinga.[4][5]

Polen vann Junior Eurovision Song Contest for fyrste gong, med songen «Anyone I Want to Be», sungen av Roksana Węgiel. Frankrike, Australia, Ukraina og Malta utgjorde resten av topp fem.

Remove ads

Arrangementet

Vertslandet

Den 15. oktober 2017, over ein måned før Junior Eurovision Song Contest 2017 vart halden, vart det stadfesta at Kviterussland hadde blitt tildelt vertskapet. Dette etter at tevlinga si styregruppe hadde fjerna ein klausul frå regelverket som ga vinnarlandet moglegheita til å takka nei til å vere vertskap for påfølgjande års tevling. I staden fekk European Broadcasting Union (EBU) sine medlemsland moglegheit til å søkje om å vere vertskap, og dette gjorde at Kviterussland og BTRC vart tildelt rolla som vertskapet da dei vart ansett som meist egna.

Dette var den andre gongen Kviterussland arrangerte Junior Eurovision Song Contest, etter å ha arrangert tevlinga i 2010,[2] samt fyrste gang sidan 2012 at konkurransen vart halden i eit land som var bestemt på førehand uavhengig av utfallet av førre års tevling.

Kviterussland kunngjorde 23. november 2017 at dei hadde hensikt om å lempe på visumavgrensingar i løpet av november månad for å gjere det lettare for delegasjonar, presse og fans å deltake i konkurransen.[6]

Stad

Da vertslandet vart kunngjort, vart det klart at tevlinga ville verte halden i hovudstaden Minsk. 23. november vart det klart at tevlinga ville verte halden i Minsk-Arena.[7] Dette er fyrste gang tevlinga arrangeres i same arena to gongar. Den 18. mars 2018 vart det også kjend at tevlinga ville bli halden 25. november 2018.[8] Opningsseremonien fann stad i BelExpo.[9]

Remove ads

Format

Grafisk design

Då datoen for tevlinga vart presentert, vart tevlingas offisielle logo og slagord også presentert. #LightUp (Lys opp (#Зажигай på russisk)) er slagordet, og logoen er en morgenstjerne med vertikalt inverterte lydbølger. Inspirasjonen kjem frå deltakaranes kunstnarlege potensial og kreativitet, noko som gjer scena til noko magisk, som ei himmel full av stjerner.[8]

Programleiarar

26. oktober 2018 vart Jevgenij Perlin og Zinaida Kupryjanovitsj presentert som programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2018, saman med Helena Meraai, som skulle rapportere frå green room under sendinga. Perlin er nyheitsanker og programleiar i BRTC, og har vore kommentator for Kviterussland i Eurovision Song Contest sidan 2013. Kuprijanovitsj er kjend som artist, og har deltake to gongar i Kviterussland si nasjonale utveljing til Junior Eurovision Song Contest i 2015 og 2016. Meraai er også kjend som artist, og representerte Kviterussland i Junior Eurovision Song Contest i 2017, hvor hun endte på 5.-plass. Det kom også fram at Denis Dudinskij og Anna Kvilorija ville leia opningsseremonien.[10]

Remove ads

Deltakande land

Følgjande land deltok i Junior Eurovision Song Contest i 2018.[4]

Meir informasjon #, Land ...

Røystegjeving

Meir informasjon Poenggjevande land, Totalt ...
  • INR: Poeng frå røystegjevinga på internett.

12 poeng frå dei nasjonale juryane

Meir informasjon Antall, Land som fekk 12 poeng ...
Remove ads

Sjå òg

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads