Nord-Makedonia i Junior Eurovision Song Contest

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nord-Makedonia i Junior Eurovision Song Contest
Remove ads

Nord-Makedonia debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark, med songen «Ti ne me poznavaš», framført på makedonsk av Marija og Viktorija. Nord-Makedonia har delteke i tevlinga elleve gongar; i perioden 2003 til 2011, 2013 og 2015. Bidraga vart valde gjennom den nasjonale finalen Junior Eurosong, arrangert av den makedonske kringkastaren Makedonska radio televizija. Sidan 2013 har bidraga vore valde internt av den makedonske kringkastaren.

Kjappe fakta Uttakingar, Deltaking ...

Fram til og med 2018, heitte landet Republikken Makedonia, men i Junior Eurovision-samanheng gjekk landet under namnet F.Y.R. Macedonia, grunna namnetvisten med nabolandet Hellas.

Remove ads

Namnendring

I februar 2019 endra landet namn frå "Republikken Makedonia" (Republika Makedonija) til "Republikken Nord-Makedonia" (Republika Severna Makedonija). Hellas hadde ikkje godtatt at landet hadde namnet "Makedonia" fordi Makedonia i Hellas er eit område nord i Hellas, og Hellas meinte at Makedonia er eit gresk namn.[1] Som eit kompromiss vart republikken Makedonia i 1993 anerkjend av Dei sameinte nasjonane under namnet Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia (makedonsk Πоранешна Југословенска Република Македонија, Poranesjna Jugoslovenska Republika Makedonija). I 2019 inngjekk Hellas og Nord-Makedonia eit kompromiss som innebar at Hellas anerkjente landet mot at det tok namnet "Nord-Makedonia".[2]

Remove ads

Bidraga i Junior Eurovision Song Contest

Meir informasjon År, Artist ...
Remove ads

Røystehistorikk

Meir informasjon Nr., Land ...

Galleri

Sjå òg

Fotnotar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads