Kalsedon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kalsedon
Remove ads

Kalsedon er ein særs finkorna (mikro- til kryptokrystallinsk) varietet av kvarts med fibrig tekstur. Mineralet har voksaktig glans og vanlegvis gråleg farge, men det finst fleire fargetypar som blir brukt som edelsteinar, mellom anna karneol og sarder som er raudlege, krysopras og plasma som er grøne og heliotrop (blodstein) som er grøn med blodraude flekker. Agat er eit banda variant av kalsedon, likeeins onyks og sardonyks, som har parallelle band (brukast til kaméar). Jaspis, flint, chert og prasem er nærskyld med kalsedon, men er meir urein og har korna tekstur. Kalsedon-mineral opptrer særleg i holrom i sedimentære bergartar og i lavaer.

Thumb
Kniv laga i kalsedon omkr. år 1000
Kjappe fakta Generelt, Kategori ...

Mineralet er oppkalla etter byen Khalkedon i Tyrkia.

I Noreg er det mellom anna kjent frå kalkstein i området BrevikPorsgrunn.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads