Canada

land i Nord-Amerika From Wikipedia, the free encyclopedia

Canada
Remove ads

Canada er eit vidstrekt land lengst nord i Nord-Amerika. Det er det andre største og eit av dei nordlegaste landa i verda. Canada utgjer størstedelen av det nordamerikanske kontinentet og grensar til berre eitt anna land, USA i sør og i vest, til Alaska.

For det dravidiske språket, sjå kannada.
Kjappe fakta Dominion of Canada (norsk: Canada, kanadisk) ...

Canada er ein føderasjon med mykje sjølvstyre for ti provinsar og tre territorium, og har styresettet parlamentarisk demokrati og statsforma konstitusjonelt monarki, med Charles III som statsoverhovud.

Landet var både tidlegare franske og tidlegare britiske koloniar, og er medlem av både La Francophonie og Commonwealth of Nations. Fransk er hovudspråket i Quebec. New Brunswick er tospråkleg, medan resten av landet hovudsakleg er engelsktalande. Begge språka er offisielle i heile landet, men ein provins kan velja om han skal vera tospråkleg eller velja eitt hovudspråk.

Økonomisk er landet industrialisert og teknologisk utvikla. Næringsvegane er basert på rike naturressursar og handel med andre land, særleg naboen USA. Canada er hovudsakleg sjølvforsynt med energi på grunn av relativt store ressursar av fossile brennstoff, i tillegg til produksjon av kjerne- og vasskraft.

Remove ads

Namn

Historie

Geografi

Kultur

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads