Kandersteg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kandersteg er ein kommune i distriktet Frutigen-Niedersimmental i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 1 231 innbyggjarar (2010) og eit areal på 134 km². Kommunesenteret ligg 1174 meter over havet. Han ligg langs dalen til elva Kander, vest for Jungfrau-massivet. Han er kjend for det spektakulære fjellandskapet og turisme er ein viktig del av økonomien.
Kandersteg ligg på nordsida av Bern-Alpane ved foten av Lötschen- og Gemmipasset. Landsbyen ligg i øvre Kanderdalen. i kommunen ligg Gasterndalen (øvre Kanderdalen) og Oeschinensee. Han omfattar landsbyane Kandersteg og Gastern.
Kandersteg er omgjeven av høge fjell. Balmhorn (3698 moh), ved grensa til kantonen Valais i sør er den høgaste i dalen.
Den største innsjøen i dalen er Oeschinensee. Øvst i dalen ligg Kanderbreen, kjelda til elva Kander.
Delar av kommunen ligg innanfor Jungfrau-Aletsch verneområde, ein verdsarvstad sidan 2001.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kandersteg» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads