Kantharos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kantharos (gresk κάνθαρος) er ei form for gresk keramikk som blei nytta som drikkekar. I den gjenkjennelege Type A-forma er han karakterisert av ein djup bolle, høge fotstykke og eit par høge, vertikale hankar, som strekkjer seg over kanten på karet. Dei greske orda kotylos (κότῦλος, hankjønn) og kotyle (κοτύλη, hokjønn) er andre namn for same form.[1]


Kantharos er ein kopp som blei nytta til å ha vin i, moglegvis for å drikka han eller for bruk i ofringar. Kantharosar synest å knyttast til Dionysos, guden for vin, som igjen òg var knytt til vegetasjon og fruktbarheit. Dionysos blei ofte framstilt haldande på denne typen kar, som til dømes på ein sølvtatermynt som blei prega mellom 420-410 f.Kr. i Nagidos i Kilikia.[2][1]
Remove ads
Ulike utgåver
- Bukkero-kantharos frå Gamle Latium i noverande Italia, 830–730 f.Kr.
- Gravkantharos i geometrisk utsmykking frå Attika, ca. 780 f.Kr.
- Svartglasert kantharos med boiotisk inskripsjon frå Thespiai, 450–425 f.Kr.
- Tosidig januskar, sett frå sida, med Herakles og ei kvinne, 480–460 f.Kr.
- Tosidig januskar med satyrmotiv, framstilt av Aison, 420 f.Kr.
- Kantharos i sølv frå Gallia i noverande Alise-Sainte-Reine, slutten av 100-talet f.Kr.
Remove ads
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads