Attikí

From Wikipedia, the free encyclopedia

Attikí
Remove ads

Attikí (gresk Αττική), òg kalla Attika, er ein av tretten periferiar i Hellas og inneheld Aten, hovudstaden i landet. Attikí omfattar dei tidlegare prefektura Aten, Pireus, Vest-Attikí og Aust-Attikí.

Meir informasjon Attikí Περιφέρεια Αττικής ...

Attikí ligg sør i Hellas og har eit areal på 3 808 km². I tillegg til Aten ligg byane Pireus, Elevsína, Mégara, Lávrio og Marathónas (Marathon) i Attikí. Attikí omfattar òg ein liten del av halvøya Peloponnes og øyane Salamína, Angístri, Éjina, Póros, Ýdra, Spétses, Kýthira og Andikýthira. Oppunder 4 millionar menneske bur i periferien, og meir enn 95 % av dei bur i storbyområdet til Aten.

Attikí var tidlegare ein del av periferien Sentral-Hellas, men vart skild ut som eigen periferi i 1987. Han grensar mot Sentral-Hellas i nord og mot Peloponnes i vest og sør.

Remove ads

Periferieiningar og kommunar

Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Attikí delt inn i åtte periferieiningar som omfattar 66 kommunar.[2]

Meir informasjon Kommune, Periferieining ...
Remove ads

Geografi

Attikí er ei halvøy som stikk ut i Egearhavet. Av fjell finn ein Ymittós, dei austlege delane av Jeránia, Párnitha, Egáleo og Pendéli. Dei deler halvøya inn i slettene Mesójia og Thriásio Pedío. I nord grensar Attikí til Viotíasletta og i vest til Korint. Saroniabukta ligg i sør og øya Évvia ligg utanfor nordkysten. Aten sitt eldste vassreservoar, Marathonsjøen, ligg om lag 40 km nordaust for byen, og opna i 1920-åra. Sidan den gong har reservoaret vore den største innsjøen i Attikí. Skogar dekkjer områda rundt Párnitha, Ymittós og på åsane og i fjella i nordaust og nord, bortsett frå dei høgaste toppane. Fjella i vest og sør er hovudsakleg graskledd eller berre, men ein kan òg finne noko skog her.

Thumb
Poseidontempelet ved Kapp Soúnio, det sørlegaste punktet i Attikí, bygd om lag 440 fvt.

Kifisós er den lengste elva og Párnitha det høgaste fjellet i Attikí. Periferien har parkområde i Ymittós-, Pendéli- og Párnithafjella og i dei sørlege områda av halvøya.

I følgje Platon var Attikí i antikken avgrensa av Korinteidet i sørvest, og nordover strakk ho seg til fjella Kitherónas og Párnitha. Grensa herfrå mot sjøen hadde området Oropós til høgre og elva Asopós til venstre.

Remove ads

Klima

Attikí har eit typisk middelhavsklima med varme og tørre somrar og generelt lite nedbør. Den årlege nedbørsnormalen varierer frå 370 mm til over 1 000 mm. Vintrane er generelt milde i lågtliggande område nær sjøen, men er meir kjølige i fjella. Snø kan stundom falle i Attikí og skape kaos, som i januar 2002, februar 2004 og januar 2006. Den lågaste temperaturen som er målt i området er -10,4 °C i Votanikós i Aten, medan den høgaste temperaturen som er målt vart målt ved flyplassen Tatói og var på 48,7 °C. Skogbrannar og flaum er vanleg.

Byar og tettstader

Dei største byane og tettstadene i periferien er:

Meir informasjon Tettstad, Kommune ...

1 Til byområdet for Aten er rekna dei fire periferieiningane Sentral-Aten, Nord-Aten, Vest-Aten og Sør-Aten, i alt 35 kommunar.

2 Til byområdet for Pireus er rekna periferieininga Pireus, i alt 5 kommunar.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads