Kanuri
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kanuri er eit dialektkontinuum av språk tala av om lag 4 millionar menneske av kanuri-folket, som bur kring Tsjadsjøen, i Kamerun, Niger, Nigeria, og Tsjad. Språket høyrer til dei sahariske språka, som det er vanleg å rekne som ei grein av ein større nilosaharisk språkfamilie. Kanuri er eit viktig lingua franca i områda kring Tsjadsjøen. I delstaten Borno er det undervisningsspråk i grunnskulen, og det blir nytta i massemedia og i parlamentet.

Hovuddialektane er:
- Yerwa
- Suwurti
- Kanembu
Standardspråket byggjer på yerwa-dialekten.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads