Kanurifolk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kanurifolk
Remove ads

Kanurifolk er ei folkegruppe frå området kring Tsjadsjøen i delstaten Borno nordaust i Nigeria og i tilstøytande delar av Niger, Tsjad og Kamerun. Kanurifolka var den viktigaste gruppa i det historiske kongedømet Bornu. Språket deira er kanuri, eit nilo-saharisk språk.

Thumb
To bilde frå ein kanurimarknad.
Thumb
Kanurikvinner frå Dikwa-emieratet fotografert ca. 1955.

Det finst rundt 5 millionar kanurifolk. Dei fleste av dei bur i Nigeria, der det blei estimert at det fanst rundt 4,8 millionar i 2005.

Dei fleste kanurifolk er sunnimuslimar, og konverterte på 1100-talet.

Kanuriane har tradisjonelt vore fastbuande, til forskjell frå nomadisk nabofolk som toubou og zaghawa. Den viktigaste næringsvegen er jordbruk. Dei dyrkar gjerne hirse og durra for eige bruk og jordnøtter og bomull til eksport. Dei har også tradisjon for å fiska i området ved Tsjadsjøen, vunne ut salt og drive handel.[1]

Den viktigaste kanuribyen er Maiduguri. Her har den tradisjonelle herskaren for folket, shehuen eller emiren av Borno, sete.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads