Kaprifol

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kaprifol
Remove ads

Kaprifol, duftkaprifol eller ekte kaprifol (Lonicera caprifolium) er ein lauvfellande lian med kraftig, slyngande vekstform. Borken er først lysegrøn og glatt, seinare blir den brun og til sist lysegrå og lett fura. Knoppane sit motsett, og dei er lysegrå og utsperra. Blada spring ut i milde periodar om vinteren. Dei er elliptiske og heilranda. Oversida er frisk grøn, medan undersida er grågrøn. Blomstrane er uregelmessige med lange kronrøyr og fin duft. Yttersida er raudleg og innsida fløytekvit. Det øvste bladparet under den endestilte standen av blomstrar er samanvakse. Frukta er raude bær som er giftige. Dei modnar godt, og frøa spirer lett.

Thumb
Teikning av kaprifol.
Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Ikkje-synlege trekk
Rotnettet består av kraftig forgreina, vidt udbreidde hovudrøter. Heile planta er giftig. Planta kan angripast av ei møllarve, som bit av blomstrane før dei spring ut, og av ei minérflue-larve, som lagar buktande gangar i blada. Ingen av dei gjer nemneverdig skade.
Storleik
4 × ? m (100 × ? cm/år).
Heimstad
Planta høyrer heime i Aust-Europa og middelhavsland aust for Italia. Den gror overalt som lian i kratt, lysningar og skogbryn på tørr, varm jord.
Remove ads

Hybridar

Mange av hageplantane er hybridar[1]

  • Lonicera x italica (Lonicera caprifolium x etrusca ) - Hagekaprifol
  • Lonicera × heckrottii (L. sempervirens x L. × italica) - Blomsterkaprifol [2]

Sjå òg

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads