Kill to Get Crimson

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Kill to Get Crimson er det femte soloalbumet til den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeve ut den 17. september 2007 av Mercury Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA.[1] Tittelen på albumet kjem frå ei linje i songen «Let It All Go». Plateomslaget er teken frå måleriet Four Lambrettas and Three Portraits of Janet Churchman av John Bratby, måla i 1958. Dei første singlane frå albumet var «True Love Will Never Fade» i Europa og «Punish The Monkey» i Nord-Amerika.[2] Albumet debuterte på 26. plass i USA på Billboard 200 og selde kring 23 000 eksemplar den første veka.[3] I Noreg nådde albumet andreplassen på lista og låg inne på Topp 40 i 10 veker. Albumet vart gjeve ut på CD, CD/DVD, dobbel vinyl-LP, og ei luksusutgåve med ein 180g vinyl og ein CD.

Meir informasjon Mark Knopfler-kronologi ...
Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Allmusic gav albumet 3 av 5 stjerner. Stephen Thomas Erlewine skreiv om albumet: ««Heart Full of Holes» har ein gammaldags karnevalaktig sving i mellomspelet, og «Secondary Waltz» er ein enkel, lavmeldt, twostep driven av trekkspel, medan «The Fish and the Bird» er ein enkel allegori som vekkjer minne gamle folkemelodiar og det same gjer «Madame Geneva's». Trass i nokre få folkemelodiar, minnar det meste av Kill to Get Crimson om nok eit lågmeldt, smakfullt album. Knopfler rir på den dempa rytmen slik han alltid har gjort, kanskje enno mei avdempa enn vanleg, men den største forskjellen her er at det ikkje er gitaren som er vektlagt, men songen.»

Remove ads

Turné

Kill to Get Crimson-turneen for albumet starta 29. mars 2008 i Amsterdam i Nederland og enda 31. juli 2008 i Miami Beach i Florida.[6] Turneen bestod av 94 konsertar i 88 byar. Besetninga på turneen var Mark Knopfler (gitarar, vokal), Richard Bennett (gitarar), Danny Cummings (trommer), Guy Fletcher (klaverinstrument), Matt Rollings (klaverinstrument), Glenn Worf (bass) og John McCusker (fele, cittern). Turneen omfatta seks konsertar i Royal Albert Hall i London, med Bap Kennedy som oppvarmingsartist. Jesca Hoop var oppvarming på den nordamerikanske delen av turneen.[7]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Mark Knopfler

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Musikk
Produksjon
  • Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar
  • Rich Cooper – assisterande lydteknikar
  • Bob Ludwig – mastering
  • John Bratby – plateomslag
  • Fabio Lovino – fotografi
Remove ads

Lister og salstrofé

Album

Meir informasjon Liste (2007), Plassering ...

Årslister

Meir informasjon År, Land ...

Salstrofé

Meir informasjon Organisasjon, Nivå ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads