Kiln House

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Kiln House er det fjerde studioalbumet til det britiske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1970. Dette var det første albumet til Fleetwood Mac etter Peter Green slutta, og det siste albumet med Jeremy Spencer. Christine McVie var til stades på innspelingane og medverka med korvokal og plateomslaget, men vart ikkje fulltidsmedlem i bandet før etter albumet var ferdiginnspelt.[3]

Meir informasjon Fleetwood Mac-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Tittelen på albumet henta frå eit omgjort tørkehus for humle i Truncheaunts Lane, nær Alton i Hampshire. Huset, som i dag er verna, vart leigd av bandet, som budde der i lag med familiane sine i ein seks månader lang periode i 1970. Mick Fleetwood gifta seg med kona si i huset den 20. juni 1970.[4]

Plata er dominert av Spencer sine hyllester og parodiar av 50-talsmusikk, i tillegg til Danny Kirwan sine meir oppriktige songar. «Buddy's Song» er tilskriven mor til Buddy Holly, men er i røynda songen «Peggy Sue Got Married» med ny tekst som omtalar mange songtitlar av Buddy Holly.[3]

Ein tidleg versjon av Kirwan-instrumentalen «Earl Gray», kalla «Farewell», vart seinare gjeven ut på samleplata The Vaudeville Years.[5]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Fleetwood Mac

Andre medverkande

Produksjon

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads