Then Play On

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Then Play On er det tredje studioalbumet til bluesrockbandet Fleetwood Mac. Det vart gjeve ut i september 1969 og var det første originale albume deira med Danny Kirwan, og det siste med Peter Green. Jeremy Spencer var ikkje med på albumet utanom «eit par pianoting» (i følgje Mick Fleetwood i magasinet Q i 1990). Plata, som kom ut etter gruppa brått fekk suksess på poplistene, var meir stilmessig variert enn den klassiske bluesen gruppa hadde spelt inn på dei første albuma. TIttelen er henta frå opningslinja til hertug Orsino, «If music be the food of love, then play on,» frå William Shakespeare-komedien Twelfth night.

Meir informasjon Fleetwood Mac-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Dette var den første utgjevinga til bandet på Warner/Reprise etter dei vart lokka bort frå Blue Horizon og Immediate Records. Førti år seinare er Fleetwood Mac framleis hos Warner. Albumet, som var uvanleg langt i den originale britiske utgåva, er gjeven ut i fire forskjellige utgåver. Den originale CD-utgåva har med alle songane frå dei to amerikanske LP-versjonane, begge med spor som ikkje var med på den originale britiske utgåva. I august 2013 kom det ut ei nymastra utgåve av albumet på vinyl og CD, med den originale britiske sporlista. Denne versjonen nådde 112. plassen på den britiske albumlista.

Remove ads

Plateomslag

Måleriet på omslaget for albumet er «Domesticated Mural Painting» av den engelske kunstnaren Maxwell Armfield.[4] Det var med i magasinet The Countryside i februar 1917.[5][6]

Innhald

Original britisk utgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Original amerikansk utgåve

To av songane («One Sunny Day» & «Without You») var ikkje med på den amerikanske versjonen, men hadde alt blitt gjeve ut i USA på samleplata English Rose.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Revidert amerikansk utgåve frå 1969

Då singelen «Oh Well (pts 1 & 2)» (gjeven ut i november 1969) vart ein hitt, vart den amerikanske utgåva av albumet gjeve ut på ny med ei ny rekkefølgje, for å ha med «Oh Well», medan Danny Kirwan sine «When You Say» og «My Dream» vart fjerna for å gje plass. Dei to delane av «Oh Well» er særs forskjellige. Den første er ein hardrock-song, medan den andre ein roleg instrumental, der Green mellom anna spelar cello.[7] I tillegg vart to klipp frå «Madge»-jammane sett saman, med nedtoning mellom dei. Latteren som tidlegare låg mellom «My Dream» og «Like Crying» enda opp etter «Fighting for Madge».

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

CD-utgåva

CD-utgåva består hovudsakleg av den reviderte, amerikanske utgåva, men med dei to sletta songane i tillegg.

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Luksusutgåve på Rhino Records frå 2013

Denne versjonen har den originale britiske rekkefølgja i tillegg til bonusspor.

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Ikkje utgjeven bonus-EP: The Milton Schlitz Show

Opphavleg var det meininga å gje ut ein EP med Then Play On. EPen skulle vere ein kompensasjon for at Jeremy Spencer nesten ikkje er med på albumet. EPen bestod av Spencer sine parodiar på doo wop («Ricky Dee and the Angels»), Alexis Korner, countryblues («Texas Slim»), syrerock («The Orange Electric Squares») og John Mayall. Han vart til slutt gjeven ut på The Vaudeville Years-samlinga i 1990-åra.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Fleetwood Mac

Andre medverkande

produksjon

Lister

AlbumBillboard (Nord-Amerika)

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar – Billboard (Nord-Amerika)

Meir informasjon År, Single ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads