Kimmeridge

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kimmeridge
Remove ads

Kimmeridge er ein liten landsby i Purbeck i Dorset i England, ved kysten av Den engelske kanalen. Landsbyen har kring 110 innbyggjarar (2001). [2]

Kjappe fakta Land, Folketal ...
Utsyn over Kimmeridge Bay.
Thumb
Flatene i Kimmeridge Bay.
Utsyn over dei mjuke skiferklippene og dei harde dolomittklippene i Kimmeridge Bay.
Thumb
Skiferklipper ved Kimmeridge.
Thumb
Fossilar av ammonittar i berget på stranda ved Kimmeridge.

Landsbyen ligg på skiferklippene frå juratida og har gjeve namn til alderen kimmeridgium i juratida, då dette laget vart lagt ne. Klippene er ein del av verdsarvstaden Jurassic Coast. Vitjingssenteret for Jurassic Coast ligg i Kimmeridge.

Bukta er òg typelokaliteten for kimmeridgeleire frå juratida, som ein finn fleire stader i Sør-England og som er ein av kjeldebergartane for hydrokarbonar i Wessex- og Nordsjøbassenga.

Under klippene finn ein ei stor abrasjonsflate (kalla The Flats). Kysten ved Kimmeridge er uvanleg varm og ein perfekt stad for å studere tang og tare og andre organismar.

På klippa i vest står ei oljepumpe eigd av BP. Ho har pumpa kontinuerleg sidan seint i 1950-åra og er dermed den eldste oljepumpa i Storbritannia som framleis er i drift. Det vert produsert kring 65 tønner olje kvar dag[3] frå eit lag som ligg 350 meter under klippa.[4]

Like aust for Kimmeridge Bay (oppfor Hen Cliff) står ein folly kalla Clavell Tower som inspirerte P.D. James til å skrive romanen The Black Tower. Då tårnet stod i fare for å rase utfor klippa som gradvis vert erodert bort, vart tårnet flytta 35 meter lenger bort frå klippekanten.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads