Kiryat Gat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kiryat Gat
Remove ads

Kiryat Gat (hebraisk skrift קִרְיַת גַּת) er ein by i Det sørlege distriktet i Israel. Han ligg 56 km sør for Tel Aviv, 43 km nord for Beersheba og 68 km frå Jerusalem. Mot slutten av 2012 hadde byen 48 275 innbyggjarar.[1]

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Etymologi

Thumb
Busetnaden Gat, aust for Gaza-vegen, grunnlagd i 1941. Foto frå 1946

Kiryat Gat er kalla opp etter Gath, ein av dei fem store byane til filistrane. På hebraisk tyder gat «vinpresse». I 1950-åra fann arkeologar ruinane på ei høgd i nærleiken, som vart feilaktig rekna som den filistinske byen Gath. I seinare år har kome med fleire forslag til kvar plasseringa av den gamle byen var. Somme trur han kan ha lege 13 km nordaust ved Tel es-Safi, men det mest aksepterte synet i dag er at den bibelske Gath låg der Ramla no ligg, basert på jødiske segner frå mellomalderen skrive ned av Ishtori Haparchi.[2] Gath var heimbyen til den bibelske kjempa Goliat.[3]

Remove ads

Historie

Kiryat Gat vart grunnlagd i 1955 som ein utviklingsby av 18 familiar frå Marokko.[4] Han ligg på landområde som tidlegare høyrte til landsbyen Iraq al-Manshiyya, som vart avfolka i 1948.[5] Folketalet steig frå 4 400 innbyggjarar i 1958 til 17 000 i 1969, hovudsakleg jødiske immigrantar frå Nord-Afrika. Økonomien var først basert på handsaming av jordbruksprodukt frå Lachish-området, som bomull og ull. I desember 1972 fekk Kiryat Gat bystatus.[6]

I 1990-åra kom det ein masseimmigrasjon av sovjetiske jødar til Israel, og folketalet i byen auka til 42 500 i 1995.[7] Utviklinga av Rabin industriområde aust i byen og opninga av hovudveg 6, har gjort godt for økonomien i byen.

Remove ads

Venskapsbyar

Kiryat Gat er venskapsby med:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads