Kodal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kodalmap

59°12′49″N 10°8′26″E

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Kodal
stad
Thumb
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Sandefjord
Areal 0,63 km²
Folketal 1 085  (2024)
Folketettleik 1 722 / km²
Postnummer 3243 KODAL
Ferdselsårer 305 Fv310
Thumb
Kodal
59.213611°N 10.140556°E / 59.213611; 10.140556
Wikimedia Commons: Kodal
Lukk

Kodal er ein tettstad, ei bygd og eit kyrkjesokn i Sandefjord kommune i Vestfold. Tettstaden har 1 085 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg elleve kilometers køyring sør for tettstaden Andebu.

Høyjord, Kodal og Andebu utgjorde tidlegare Andebu kommune, som 1. januar 2017 blei slått saman med Stokke og Sandefjord kommunar.

Her ligg barneskulen Kodal skole, og staden har daglegvarebutikk, bensinstasjon, barnehage og idrettsanlegg. Kodal kyrkje frå kring år 1100, ligg på Prestebøen 2,5 km nordvest for sentrum i tettstaden.

Geologi

Ved Kodal finst ein større jern- og fosforførekomst. Han har oppstått i tilknyting til nefelinsyenittar i Oslofeltet og består av ein fosfatrik bergart med mykje av dei jern- og titanrike minerala ilmenitt og ilmenomagnetitt. Bergarten, som er ein alkalipyroksenitt, er tidlegare vorte kalla jacupirangitt. Malmressursane er rekna til å vere 100 millionar tonn.

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.