Kolyma

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kolyma
Remove ads

Kolyma (russisk Колыма) er ein region i den fjernaste nordaustre delen av Russland, i området vanlegvis kjent som Sibir. Han er avgrensa av Aust-Sibirhavet og Nordishavet i nord og Okhotskhavet i sør. Denne svært avsidesliggande regionen har namn etter elva Kolyma, og fjellkjeda med same namn, der enkelte område ikkje blei utforska før 1926. I dag består regionen i hovudsak av Tsjukotka autonome okrug og Magadan oblast.

Thumb
Omtrentleg plassering av Kolyma-regionen
Thumb
Open skog med mongollerk i den sørlege delen av Kolyma-regionen.

Området, som ligg delvis nord for Polarsirkelen, har eit subarktisk klima med svært kalde vintrar som varer opptil seks månader. Permafrost og tundra dekker ein stor del av regionen. Gjennomsnittlege vintertemperaturar spenner frå -19°C til -38°C (og lågare i innlandet), og gjennomsnittlege sommartemperaturar, frå +3°C til +16°C. Det finst rike reservar av gull, sølv, tinn, wolfram, kvikksølv, koppar, antimon, kull, olje og torv. Det er peikt ut 29 område med moglege olje- og gassreservar identifisert på kontinentalsokkelen i Okhotskhavet. Totale reservar er estimerte til 3,5 milliardar tonn oljeekvivalentar, av dette 1,2 milliardar tonn olje og 1,5 milliardar tonn gass.[1] Den største byen i området, Magadan, har eit folketal på rundt 100 000, og er den største hamna i nordaustre Russland. Han er heimehamn for ein betydeleg fiskeflåte og blir halden open heile året ved hjelp av isbrytarar. Nær Magadan ligg òg Sokol lufthamn. Byøkonomien er elles basert på utvinning av gull i Kolyma-regionen.[1]

Remove ads

Historie

Under styret til Stalin blei Kolyma berykta som staden der mange Gulag-leirar var plasserte. Ein million menneske eller meir kan ha døydd på veg til området eller i dei mange arbeidsleirane i Kolyma der fangane måtte arbeida i gullgruver, med vegbygging, tømmerhogst og anleggsverksemd mellom 1932 og 1954. Aleksandr Solzjenitsyn, forfattaren av Gulag-arkipelet, karakteriserte Kolyma som Gulag-systemet sin «pol av kulde og grusomhet». Monumentet Maska av sorg i Magadan er reist til minne om dei som døydde i tvangsarbeidleirane i Kolyma.

Framveksten av Gulag-leirane

Ein oppdaga gull og platina i regionen tidleg på 1900-talet. Under industrialiseringa av Sovjetunionen, som byrja med den fyrste femårsplanen til Stalin i 1928-1932, var behovet for kapital for å finansiera økonomisk utvikling enormt. Dei rike gullressursane i området verka som skreddarsydde for å sørga for denne kapitalen. Eit føretak underlagt regjeringa, Dalstroj (russisk Дальстрой, akronym for Anleggsselskapet til det fjerne nord) blei oppretta for å organisera utnyttinga av ressursane i området. Det kom store tal fangar inn i det sovjetiske straffesystemet under den første perioden av utviklinga av Kolyma, i stor grad frå dei såkalla anti-kulak-kampanjane og under tvangeskollektiviseringa av gardsdrifta i Sovjetunionen. Desse fangane utgjorde ei lett tilgjengeleg arbeidskraft.

Thumb
Butugytsjeg tinngruve, ein Gulag-leir i Kolymaområdet

Dei første stega for å utvikla regionen starta i 1932, med bygginga av byen Magadan ved hjelp av tvangsarbeid.[2] Etter ei utmattande togreise på Den transsibirske jernbanen blei fangane sette av ved ein av fleire transittleirer (t.d. Nakhodka og seinare Vanino), og transporterte over Okhotskhavet til den naturlege hamna som var blitt vald for bygginga av Magadan. Forholda ombord i fangeskipa var barske.[3]

I 1932 byrja ekspedisjonar til det indre av Kolyma, og ein sette i gang med bygginga av Kolymavegen, som skulle bli kjend som Beinvegen. Etterkvart var det oppretta rundt 80 ulike leirar på den aude taigaen.

Den opphavlege leiaren for Kolyma-leirane var Eduard Berzin, ein tsjekist. Berzin blei seinare fjerna i 1937 og skoten under Den store utreinskinga i Sovjetunionen.

I 1937, på toppen av utreinskingane, gav Stalin ordre om å intensivera lidingane som fangane måtte gå gjennom.[4] Aleksandr Solzjenitsyn oppgav leirkommandanten Naftalij Frenkel som den som etablerte den nye lova for leirane: «Vi må pressa alt ut av ein fange dei fyrste tre månadene — etter det treng vi han ikkje meir.»[5] Systemet med hardt arbeid og lite eller ingen mat reduserte dei fleste fangane til hjelpelause dokhodjaga ('ein det er ute med').

Robert Conquest, Jevgenija Ginzburg, Anne Applebaum og andre har skildra Kolyma-leirane i detalj. Lidingane til fangane blei forsterka av det også var vanlege kriminelle der som terroriserte dei «politiske» fangane. Ein døydde i Kolyma-leirene av mange årsaker: overarbeid, svolt, feilernæring, gruveulukker, forfrysing, drap utført av dei kriminelle og mishandling frå fangevaktarane. Ein leiar for leirkomplekset Sevvostlag på slutten av 1930-talet, oberst Sergej Garanin, skal personleg ha avretta heile brigader av fangar for å ikkje ha fullført dei daglege kvotane sine.[6] Flukt var vanskeleg, på grunn av klimaet og den fysiske isolasjonen til regionen, men nokon freista likevel. Flyktningar som blei fanga att, blei ofte rivne i filler av vakthundane frå leirane. Bruk av tortur som straff var òg vanleg. Den sovjetiske dissidenten og historikaren Roy Medvedev har samanlikna forholda i Kolyma-leirene med Auschwitz.

Thumb
Fangar ved ei gullgruve i Kolyma

Mange av fangane i Kolyma var akademikarar eller intellektuelle. Blant dei var Mikhail Kravtsjuk, ein ukrainsk matematikar som tidleg på 1930-talet hadde mottatt betydeleg godkjenn i Vesten. Etter ei summarisk rettssak, tilsynelatande for ikkje å vera villig til å ta del i skuldingane mot nokre av kollegaene hans, blei han send til Kolyma der han døydde i 1942. «Hardt arbeid i dei sovjetiske arbeidsleirane, eit strengt klima og mangelfull mat, dårleg helse og sist, men ikkje minst, skuldingane og bortstøytinga frå dei fleste av hans kollegaers side, kravde sin pris. Kravtsjuk døydde i Magadan i det austlege Sibir, rundt 6000 km frå der han var fødd. Kravtsjuks siste artikkel hadde vorte utgitt like etter arrestasjonen hans i 1938 Men etter denne publiseringa blei Kravtsjuk sitt namn bokstaveleg talt sletta frå bøker og tidsskrift.»[7]

Det fanst likevel nokre unntak. Léon Theremin, ein oppfinnar som var blitt pågripen av sovjetiske agentar i USA og tvinga til å venda tilbake til Sovjetunionen blei, etter ordre frå Josef Stalin, fengsla i Butyrka og seinare sendt for å arbeida i gullgruvene i Kolyma. Sjølv om det stadig gjekk rykte om at han var avretta, var Theremin i røynda blitt sett til å arbeida i ein sjarasjka, eit hemmeleg forskigslaboratorium, saman med andre vitskapsfolk og ingeniørar, som flydesignaren Andrej Tupolev og rakettforskaren Sergej Koroljov (som også var ein Kolyma-fange). Sovjetunionen rehabiliterte Theremin i 1956.

Kolyma-leirene blei omdanna til (stort sett) fri arbeidskraft etter 1954, og i 1956 gav Nikita Khrusjtsjov ordre om eit generelt amnesti som frigav mange fangar.

Remove ads

Kjelder

Bibliografi

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads