Kompleks vulkan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kompleks vulkan

Ein kompleks vulkan eller ein samansett vulkan er ein vulkan med meir enn ein struktur. Dei vert danna på grunn av endringar i utbrotsmønsteret eller ved at det oppstår fleire ventilar i eit område. Stratovulkanar kan danna komplekse vulkanar fordi dei kan overlappe kvarandre frå eksplosive utbrot, lavastraumar, pyroklastiske straumar og fleire utbrot etter kvarandre, slik at det vart danna fleire toppar og ventilar. Stratovulkanar kan òg forme ein stor kaldera som vert fylt att med mange små sinderkjegler, lavadomar og det kan dannast krater på kanten av kalderaen.

Thumb
Homa i Kenya i 1994
Thumb
Mount Edziza, British Columbia i Canada
Thumb
Eit utbrot frå Pacaya i Guatemala i 1976
Thumb
Banahaw i Luzon på Filippinane i 1989
Thumb
KelimutuFlores i Indonesia

Sjølv om det er ein forholdsvis uvanleg vulkantype er dei spreidd over heile verda og gjennom heile den geologiske historia.

Døme

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.