Konditorfarge

From Wikipedia, the free encyclopedia

Konditorfarge
Remove ads

Konditorfarge eller næringsmiddelfarge er fargestoff som kan etast, og som dermed kan brukast til å farga matvarer. Ein farger mat både ved kommersiell produksjon (t.d. av brus) og ved laging av mat heime (t.d. marsipanprodukt).

Thumb
Marsipan, som eigentleg er kvitleg, blir ofte farga med konditorfarge.
Thumb
Ulike konditorfargar spreier seg i vatn.

Konditorfarge kan brukast til å gjera mat og drikke meir appetittvekkande, anten ved å gjera dei meir iaugefallande, som dekorerte kaker eller farga godteri, eller ved å gje dei ein forventa «naturleg» farge, som raudfarga tomatketsjup eller rosafarga laks.

Historisk har ein brukt ulike fargar framstilt frå naturen til å farga mat med, til dømes safran, gurkemeie, karmin, paprika og karamell. Desse fargane tilfører gjerne også lukt og smak. I industrialisert matproduksjon er det vanlegare å bruka syntetisk framstilte stoff som berre gjev farge. Begge typar fargestoff blir regulerte når dei skal brukast i mat. I Europa får godkjende fargestoff E-nummer frå 100 til 199.

Konditorfarge kan også brukast til kunstuttrykk der ein vil unngå skadelege fargestoff, til dømes ved kroppsmåling eller som teaterblod.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads