Marsipan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Marsipan er ein konfekt laga av malne mandlar, melis og eggekvitar, som vert blanda og ofte forma til ulike figurer. Marsipan er ein opphavleg persisk eller arabisk matrett som i dag blir mykje bruka i nordafrikansk, iberisk, sentraleuropeisk og skandinavisk kultur. Marsipan vert ofte smaksett med saft eller sherry, og farga med konditorfargar. I Skandinavia høyrer heimelaga marsipanfigurar til det tradisjonelle julegodtet.


Remove ads
Ordsoge
Opphavet til ordet er omstridd. Ordet vart lånt til tysk i det sekstande hundreåret frå italiensk marzapane. Det finst talrike spekulasjonar rundt opphavet til det italienske ordet:
- Marci panis; «Markus-brød» d.e. brød baka for den heilage Markus [1]
- Martaban, ein burmesisk by, kan òg ha gitt opphav til namnet, sidan det vart eksportert søtsaker frå denne byen.[2]
- Matapanus var på mellomalderlatin namnet på ein venetiansk mynt. Namnet skriv seg frå arabisk mauthaban 'sitjande konge', og mynten kan ha gjeve namn til konfekten.[3]
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads