Konstrakta

serbisk songar og låtskrivar From Wikipedia, the free encyclopedia

Konstrakta
Remove ads

Ana Đurić (fødd 12. oktober 1978 i Beograd som Ignjatović), kjend under artistnamnet Konstrakta (serbisk-kyrillisk Констракта), er ein serbisk songar og låtskrivar. Ho solodebuterte musikalsk i 2019 med singelen «Žvake». Tre år etter vann ho songtevlinga Pesma za Evroviziju med songen «In corpore sano». Ho representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino med same song.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Đurić vart fødd i Beograd i dåverande Jugoslavia, no i Serbia. Ho har drive med musikk sidan ungdomstida og tok artistnamnet Konstrakta som 20-åring då ho studerte arkitektur.[1] Namnet er basert på engelske ordet construct (norsk 'setje saman, byggje'), fordi ho likte å setje saman rytme og musikk på ein nærast matematisk måte.[1]

Konstrakta opptredde regelmessig med den serbiske musikkgruppa Mistakemistake, og i 2007 var ho med på å skipe bandet Zemlja Gruva. Bandet oppnådde stor suksess dei påfølgjande åra i Serbia, gjennom studioalbum som WTF Is Gruvlend? (2010) og Šta stvarno želiš? (2016).[2][3][4]

Fyrst som 41-åring, i 2019, solodebuterte Konstrakta med singelen «Žvake», etterfølgd av «Neam šamana» året etter.[5] I 2022 var ho ein av 36 artistar til å delta i den serbiske songtevlinga Pesma za Evroviziju, der vinnaren fekk representere Serbia i Eurovision Song Contest. Ho deltok med songen «In corpore sano» og vann både jury- og sjåaravrøystinga i finalen laurdag 5. mars 2022. Som vinnar var ho den serbiske representanten i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[6] I finalen 14. mai kom ho på ein femteplass, som var det beste resultatet til Serbia sidan 2012, då Željko Joksimović enda på tredjeplass.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads