Krokusslekta

planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Krokusslekta
Remove ads

Krokusslekta (Crocus) er ei planteslekt i sverdliljefamilien. Krokus er ein staude som ofte vert rekna som ein løkplante, sjølv om overvintringsorganet eigentleg er ein knoll. Slekta er utbreidd med fleire enn 30 artar i Europa, Midtausten og Nord-Afrika. Dei er for det meste fjellplantar. Dei fleste krokus vert 10–20 cm, og dei finst i mange fargar frå kvite og gule til lilla og blå. Blomstringstidspunktet kjem an på sorten, men fell for det meste frå sist i februar til inn i april. For dei haustblomstrande fell blomstringa frå september til inn i november.

Kjappe fakta
Remove ads

Bruk

Krokus er vanlege hageplantar, særleg vårkrokus (Crocus vernalis), ein av dei første blomsterplantane som dukkar opp ute om våren, og haustkrokus (Crocus speciosus). Krokus kan gro i alle veldrenerte jordtypar, og er brukelege nesten overalt i blomsterbed, grasplenar eller i potter innandørs. Leggedjupna er 5–10 cm. Både ville artar og dyrka sortar formeirar seg villig ved frø og yngleknollar, men dei skal helst ligge urøyvde i jorda i 3-4 år. For produksjon av krydderet safran dyrkar ein safrankrokus (Crocus sativus).

Remove ads

Artar

Det finst ei rekkje artar i krokusslekta. Registrerte i norsk natur er:[1][2]

  • Vårkrokus (C. vernus, syn. C. scepusiensis, C. napolitanus, C. neapolitanus, C. heuffelianus), framandart, potensielt høg risiko (PH) i Framandartslista 2023[3]
  • Snøkrokus (C. tommasianianus), framandart, låg risiko (LO)[3]
  • Gulkrokus (C. ×luteus, syn. C. ×flavus, C. augustifolius × C. flavus), potensielt høg risiko (PH)[3]
  • Begerkrokus (C. chrysanthus), framandart, låg risiko (LO)[3]
  • Haustkrokus (C. speciosus), framandart, einskildfunn, låg risiko (LO)[3]
  • C. flavus, framandart, ingen kjend risiko (NK), dørstokkart[3]

Andre artar dyrka i Noreg:

  • Solkrokus (C. angustifolius, syn. C. susianus)
  • Blåbegerkrokus (C. biflorus)
  • Septemberkrokus (C. kotschyanus, syn. C. zonatus)
  • Iskrokus (C. niveus)
  • Safrankrokus (C. sativus)
  • Alpekrokus (C. versicolor)
Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads