Lady Madonna
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Lady Madonna» er ein song av The Beatles tilskriven Lennon/McCartney. I mars 1968 vart songen gjeven ut som singel med «The Inner Light» som B-side. Songen vart spelt inn i Abbey Road Studios frå 3. til 6. februar 1968 før the Beatles reiste til India. Singelen var den siste bandet gav ut på Parlophone i Storbritannia, der han gjekk til førsteplassen og av Capitol Records i USA, der han nådde fjerdeplasen. Alle seinare utgjevingar av The Beatles vart gjeve ut på deira eige Apple Records, distribuert av EMI. I Noreg nådde songen andreplass på VG-lista, berre slått av Anna-Lena Löfgren og hennar «Lyckliga gatan» Songen låg 8 veker på Topp 10.
Remove ads
Inspirasjon
Pianospelinga på songen var inspirert av pianisten Fats Domino frå 1950-åra. McCartney fortel at han prøvde å skrive ei blues-aktig boogie-woogie-sak og at det minte han om Fats Domino[2] Domino sjølv spelte inn ei utgåve av songen i 1968.
Songen, og særleg introduksjonen, er ganske lik Humphrey Lyttelton sin «Bad Penny Blues» frå 1956.[3] John Lennon medverka til teksten.[4]
Saksofonsolo
Saksofonsoloen vart spelt av den britiske jazzmusikaren og klubbeigaren Ronnie Scott. I miksen som vart nytta på singelen er soloen nesten borte, men på utgåver på samleplater er soloen mykje tydlegare.[5]
Medverkande
I følgje Ian MacDonald:[6]
- The Beatles
- Paul McCartney – solovokal, piano, bass, klapping
- John Lennon – korvokal, sologitar, klapping
- George Harrison – korvokal, sologitar, klapping
- Ringo Starr – trommer, trommer med visp, klapping
- Andre musikarar og produksjon
- Ronnie Scott – tenorsaksofon
- Bill Povey – tenorsaksofon
- Harry Klein – barytonsaksofon
- Bill Jackman – barytonsaksofon
- George Martin – produksjon
- Ken Scott – lydteknikaring
- Geoff Emerick – lydteknikar
Salslister og salstrofé
Remove ads
Andre versjonar
Fleire andre artistar har spelt songen, anten på plate eller på konsertar, mellom anna Fats Domino, Phoenix, Steve Miller Band, Lenny White, Øystein Sunde og Aretha Franklin,
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads