Klapping

From Wikipedia, the free encyclopedia

Klapping

Klapping er det å slå handflater mot kvarandre slik at dei lagar lyd. Klapping kan brukast til kommunikasjon, som perkusjonsinstrument, ein del av leik eller dans, eller berre til å laga støy.

Thumb
Klappande hender.

Det finst mange ulike måtar å klappa på. Ein kan variera lydbildet ved å slå hole eller flate handflater mot kvarandre, slå handflate mot handbak, eller ved å klappa ulike delar av handa mot kvarandre. Ein kan klappa hendene saman framfor kroppen eller ansiktet, men også over hovudet eller bak ryggen. Ein kan også klappa mot hendene til andre personar, noko som særleg er vanleg i klappeleikar.

Klapping som signal og ritual

Thumb
Klapping som del av ritualet til ein sufi-dervisj.

Klapping kan brukast til å signalisera, gjerne for å påkalla merksemd, til dømes om at ein ønskjer å få ei forsamling til å vera stille, for å få nokon til å koma eller som ei åtvaring.[1] Ein enkeltperson kan klappa for å be andre om å klappa, til dømes ein musikar eller idrettsutøvar til tilskodarar. Eit klapp kan også verka som eit teikn på at ei magisk handling blir utført.[2]

I japanske shintotempel er det vanleg å klappa to gonger for å påkalla og visa respekt for guddommen.[3] Liknande klapping blir også brukt i shinto-avleidde rituale innan idrettar som sumo og aikido. I nokre religiøse tradisjonar kan klapping vera ein del av møte eller rituale, som sørasiatisk bhajan eller kirtana, sufirituale eller i ein del kristne bønnemøte,[4] gudstenester og ved framføring av til dømes spirituals og gospel. Klapping kan vera ein måte å koma i ekstase på,[5] eller ganske enkelt vera ein måte å visa beundring for preikarar eller utøvarar på.

Klapping i grupper

Applaus etter ei musikkframføring.
Thumb
Entusiastiske tilhøyrarar klapper under ein Amadou & Mariam-konsert.

Klapping er gjerne ein viktig del av applaus, der tilhøyrarar kan klappa meir eller mindre taktfast i etter ei framsyning eller ein prestasjon, eller akklamasjon, der ei forsamling kan godkjenna eit forslag ved hjelp av lydar som klapping.[6] Jo større volum og lengd det er på klappinga, jo betre reknar ein med at forsamlinga liker det dei klappar for. Spontan klapping av fleire menneske følgjer ulike taktar, men ho kan synkroniserast over tid slik at alle klapper etter same takt.

Nokre former for klapping kan i visse samanhengar brukast til å uttrykka mishag, utolmod eller sarkasme, til dømes gjennom sakte klapping (engelsk slow clap eller slow handclap)[7] eller svært lågt (golf clap).[8] Ein kan også klappa for å visa respekt, støtte, sympati eller liknande. Klapping kan danna avsluttinga på ei samkome, noko som er blitt ritualisert i Japan gjennom den synkroniserte klappeskikken tejime.[1]

Musikk og dans

Elektronisk klapping og tromming i «Black Bird» av Kevin MacLeod.
Thumb
Tilhøyrarar klappar til folkemusikk i Afghanistan.

I fleire musikktypar utgjer klapping ein viktig del. Rytmisk klapping er grunnleggjande i til dømes flamenco,[9] qawwali[10] og salegy,[11] og kan brukast åleine eller saman med trommer til å skapa polyrytme i mange musikktradisjonar frå Afrika sør for Sahara. Ved mange musikkframføringar kan tilhøyrarane klappa i takt med musikken, eller bryta ut i applaus under sjølve framføringa. Dette var vanleg i vestleg klassisk musikk i tidlegare hundreår,[12] og førekjem framleis ved ein del førestillingar av opera og ballett.[13] Nokre musikkstykke nytter hovudsakleg eller berre klapping som instrument, til dømes Clapping Music (1972) av Steve Reich og Voices (1988) av Robert Paterson, eit akkompagnement til dans.[14]

Klapp er også blitt brukt som perkusjon i ei rekkje moderne musikkstilar, som soul, pop og rock. Ein finn markant klapping i fleire populære songar frå 1960-talet, som i «I Want to Hold Your Hand» frå 1962, «The Loco-Motion» frå 1963 og «The Clapping Song» frå 1965. På 1970-talet nytta grupper som Queen klapping både til perkusjon og til samhandling med publikum, som i «We Will Rock You», «Radio Ga-Ga» og «Crazy Little Thing Called Love».[15] I disco og funk blei det vanleg å bruka klapp i lag med skarptromme, gjerne på det andre eller fjerde slaget i ein takt. Utviklinga av elektroniske trommesett og sampling gjorde at klapp kunne danna den viktigast perkusjonsbolken i musikktypar som elektronisk dansemusikk og hip-hop.[1]

Klapping kan ofte brukast saman med dans, særleg i mange ulike folkedansar, anten gjennom at deltakarane sjølve klappar eller ved at musikarar eller tilhøyrarar klappar rytmen for dei. Klappeleikar går ut på at to eller fleire klappar med kvarandre til ei regle eller ein song. Slike leikar kan vera svært enkle slika at dei passar til eit lite barn, eller meir avanserte for større barn. Leikane kan vera måtar å samhandla eller læra seg klappeteknikkar på.[16]

Rekordar og målingar

Kent French, ein tidlegare verdsrekordhaldar med 721 klapp i minuttet, klappar for Firefox 3.5.

Verdsrekorden for raskaste klapping blei sett 5. mai 2014 av Eli Bishop frå Boston i USA, som klappa 1020 gonger i minuttet.[17]

«Klappometer» er innretningar som skal måla kor høgt tilhøyrarane klappar. Det har vore brukt i tevlingar sidan det blei innført i fjernsynsprogram på 1950-talet. Mange slike innretningar måla ikkje nokon ting, dei blei justerte manuelt.[18] Klappometer som faktisk måler lydstyrke er blitt laga som eigne instrument og som appar, og blir frå tid til anna brukt til relativt seriøse tevlingar.[19]

Alternativ til klapping

I nokre religiøse samanhengar og tradisjonar reknar ein klapping som upassande. Dette gjeld til dømes i nokre tolkingar av islam. Her oppfordrer ein i staden til å koma med verbale tilrop, som Allahu akbar.[20] I mange kyrkjer er det eller har vore tabu å klappa.[21] I staden har tilhøyrarar til dømes kunna brumla, kremta, hosta eller blåsa nasen for å uttrykka velvilje.[13] Innan shintoisme vil ein ikkje klappa med lyd i samband med gravferder. I staden kan ein utføra stille klapp.[3]

Ved klassiske konsertar blir det i dag ofte uglesett å applaudera under framføringa eller mellom enkeltsongar eller satsar. Ein del tilhøyrarar og utøvarar reknar det også som meir respektfullt å vera stille ei lita stund etter den siste tonen før ein byrjar å applaudera.[22]

Ettersom klapping og liknande høge lydar kan opplevast som trugande av ein del folk med autisme eller andre med sanseproblem har ein del studentorganisasjonar i Storbritannia gått inn for å bruk døvespråk-applaus - vinking med begge hender, som også blir kalla jazz hands - i staden.[23]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.