Langobardisk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Langobardisk er eit utdøydd vestgermansk språk. Det vart snakka av langobardane, dei tysktalande nybyggjarane i Italia500-talet. Frå 600-talet vart språket brukt mindre og mindre, men mykje tydar på at det kan ha vore i bruk heilt fram til rundt år 1000.

Langobardisk
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Germansk
  Høgtysk
   Langobardisk
Bruk
Var tala i: Pannonia, Italia
Skriftsystem: (runeskrift)
Språkkodar
ISO 639-2: gem
ISO 639-3: lng

Språket er berre bevart i fragment, hovudsakleg som sitat av enkeltord i latinske tekstar. Ein del finst i latiniserte runeinnskrifter og i transkripsjonar påverka av gammalhøgtysk ortografi. Dette «langobardiske alfabetet» inneheld desse grafema:

a, b, c, d, e, f, g, h, i, j, k, l, m, n, o, p, q(u), r, s, ʒ, t, þ, u, w, z

der qu svarar til ein [kw]-lyd, ʒ er [s], z er [ts] og h er [h] i starten av ord og [x] andre stader.

Remove ads

Primærkjelder

Nokre av dei langobardiske primærkjeldene er:

  • Ei amuletteske av bronse frå grava til ei rik kvinne frå rundt år 600.
På lokket: a r o g is d

Transkripsjon: arogisd. Arogisd/Arogist/Arogast var eit namn, truleg det til runeskrivaren.

På undersida: a l a g u th,þ l e u b a : d e d u n

Transkripsjon: alaguþleuba : dedun. "Alaguth (og) Leuba laga (den)"[1], Alaguth og Leuba er to jentenamn, dedun, 'dei laga' som gammalhøgtysk tuon.

  • To sølvhårspenner frå ei kvinnegrav frå Pallersdorf i Ungarn, datert til rundt midten av 500-talet:
Spenne A: g o d a hi d : u n j

Transkripsjon: godahid unj[a] = "(Til) Godahi(l)d (med) glede(?)"[1]

Spenne B: a r s i b o d a : s e g u n

Transkripsjon: (k?)arsiboda segun = " Arsibodas signing(?)"[1].

  • Sverdet frå Pernik, eit sverd funne i det vestlege Bulgaria som kan ha den eldste kjende teksten på langobardisk.
HININIhVILPIDHINIhVILPN (= "IH INI NI HUIL PID -- (I)H INI HUIL PN").

I 2005 offentleggjorde ei gruppe bulgarske forskarar si tolking av teksten: «Eg venter ikkje på æva, eg er æva»/«Eg ventar ikkje på tida, eg er Tida».

  • Det finst også ei rekkje latinske tekstar som inneheld langobardiske namn og lovomgrep. Dette er mellom anna:
    • Origo gentis Langobardorum
    • Paulus Diaconus, Historia gentis Langobardorum
    • Historia Langobardorum codicis Gothani
    • Edictum Rothari
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads