Before the Flood
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Before the Flood er eit konsertalbum av Bob Dylan og The Band gjeve ut i juni 1974 på Asylum Records. Det nådde tredjeplass i USA, åttandeplass i Storbritannia og sjetteplass i Noreg.
Remove ads
Historie
Sjølv før turneen starta var det planlagt eit konsertalbum. Mange songar frå konsertane vart spelte inn. Då det var tid for å sette saman albumet vart dei fleste av innspelingane tekne frå dei tre siste konsertane i Los Angeles Forum i Inglewood i California. Etter at turneen var over, vart Rob Fraboni og Phil Ramone leig inn for å redigere og mikse innspelingane, som òg var henta frå konsertane i New York City, Seattle og Oakland.
Tittelen på albumet trur ein kjem frå romanen Farn Mabul av den jiddiske forfattaren Sholem Asch. Dylan var ein ven av Moses Asch, sonen til Sholem og grunnleggjaren av Folkways Records, eit plateselskap som hadde stor innverknad på Dylan tidleg i livet hans. Ein annan teori er at tittelen (som tyder «før flaumen») på albumet syner til at konsertalbumet kom ut før den uungåelege flaumen piratopptak kom ut på marknaden.
Det vart gjeve ut som eit dobbeltalbum på selskapet til Dylan, Asylum Records. Dette førte til strid med The Band, som på denne tida kjempa for å samle inn nok materiale for å fullføre kontrakten deira med Capitol Records.
Before the Flood fekk generelt positiv kritikk og ei kritikarrøysting i Village Voice, Pazz & Jop for 1974 plasserte albumet på sjetteplass.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde. Side ein og fire er framførte av Bob Dylan og The Band. Side to og spor fire til seks på side tre er av The Band. Spor ein til tre på side tre er av Bob Dylan aleine.
Remove ads
Medverkande
- Bob Dylan: gitar, munnspel, piano, vokal
- Garth Hudson: Lowreyorgel, clavinet, piano, synthesizer, saksofon
- Richard Manuel: piano, elektrisk piano, orgel, trommer, vokal
- Robbie Robertson: elektrisk gitar, vokal
- Rick Danko: bass, fele, vokal
- Levon Helm: trommer, mandolin, vokal
Produksjon
- Rob Fraboni – lydteknikar, miksing
- Phil Ramone – lydteknikar
- Nat Jeffrey – miksing
- Barry Feinstein – fotografi, design
- Village Recorders – miksestudio
- Kendun Recorders – studio for mastering
- Jeff Rosen – produsent for nyutgjeving
- Steve Berkowitz – produsent for nyutgjeving
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads