Lektorium

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lektorium
Remove ads

Eit lektorium (av latin lectora, «lesar») er ein oppbygning i kyrkjer frå mellomalderen som skil skipet og koret. Lektorium blei brukte til tekstlesing, preiker og andre kyrkjelege handlingar. Dei danna også eit tydeleg skilje mellom prestane og allmugen sine delar av kyrkja.

Thumb
Sola lyser opp lektorium og kor i Stadtkirche St. Dionys i Esslingen am Neckar.
Foto: Roman Eisele
Thumb
Kor og krusifiks synleg gjennom lektoriets søyler i Esslingen
Remove ads

Historie

Lektoriet var opphavleg ein lesepult ein kunne nytta ved opplesing av Bibelen, og dette skjedde vanlegvis ved skranken som skilde kor og skip i oldkristelege basilikaer. Seinare i mellomalderen blei namnet overført til talarstolen eller galleriet som var sett framfor koret og dessutan tente som scene for songarar. Dette var særleg populært i romansk og gotisk tid, og lektorium med forseggjord utsmykking blei sette opp på søyler av tre eller stein. Det kunne også vera eit gitterverk og dører på sida. Det finst særleg fleire lektorium att i tyske og franske storkyrkjer. I Danmark kjenner ein dei frå mellom anna Aarhus domkyrkje, der lektoriet blei rive på 1700-talet.[1]

Lektorium blei utvikla på 1100- og 1200-talet. I Noreg er dei mest kjende frå domkyrkjene i Stavanger og Trondheim, og dessutan frå enkelte soknekyrkjer.[2] Kinn kyrkje i Flora har det einaste intakte lektoriet i Noreg.[3] Lektoriet i Tingvoll kyrkje blei rive i 1878. I Tingvoll kyrkje var lektoriet knytt til gangar og trapper som var skjulte i dei tjukke murveggane.[4] Rygge kyrkje og Aurland kyrkje har truleg hatt lektorium.[5] Torpo stavkyrkje har spor av lektorium mellom skip og kor, og baldakinen over lektoriet er att.[6] Uvdal stavkyrkje fekk truleg ei gallerioppbygning i korskiljet på 1200-talet.[7] Trondenes kyrkje fekk lektorium kring 1775, men dette blei rive i 1899.[8] Trondenes kyrkje skal ha fått eit lektorium etter ei ombygging i 1440.[9] I Bergen blei lektoriet i Mariakyrkja rive på 1500-talet etter dei protestantiske ideala for kyrkjerommet.[10] Ås kyrkje (riven 1866) og Bamble kyrkje (ruin frå 1845) hadde truleg lektorium. Gamle Veøy kyrkje kan også ha hatt lektorium fram til ei modernisering på 1600-talet.[11]

Remove ads

Kjelder

Litteratur

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads