Let's Be Friends

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Let's Be Friends er det 37. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Camden Records i april 1970. Det var det andre billigalbumet som Presley gav ut på RCA Camden. Det nådde 105. plassen på Billboard 200-lista.[1] Albumet selde til gullplate 15. juni 1999 og platina den 6. januar 2004 hos Recording Industry Association of America.[2]

Meir informasjon Elvis Presley-kronologi ...
Remove ads

Innhald

Som føregjengaren Elvis Sings Flaming Star, består Let's Be Friends av ei samling songar som ikkje var gjevne ut tidlegare. Desse var spelt inn for filmane til Presley.[3] Etter at Presley på ny hadde fått fart i karrieren sin, kan Colonel Tom Parker, manageren til Presley, ha protestert mot å utnytte marknaden på denne månen, men dette var ein del av kontrakten Presley hadde med RCA.[3]

Albumet inneheldt to songar som ikkje var frå filmar, frå innspelinga vinteren 1969 i American Sound Studio i Memphis, «I'll Be There» og «If I'm a Fool (For Loving You)».[4] «Mama» vart sungen i filmen Girls! Girls! Girls! av The Amigos og Presley, og ei forkorta utgåve kom ut på CD-plata Elvis Double Features: Kid Galahad/Girls! Girls! Girls!.[5] «Let's Forget About the Stars» var blitt spelt inn for filmen Charro!, men vart ikkje nytta i filmen. «Almost» var ein av berre to songar frå The Trouble with Girls som kom ut medan Presley levde. Tre songar, «Let's Be Friends», «Change of Habit» og «Have a Happy», var opphavleg for filmen Change of Habit. To andre songar frå filmen «Rubberneckin'» og «Let Us Pray», kom ikkje med på albumet, medan den førstnemnde vart gjeven ut på singel i 1969 og sistnemnde kom ut på billigsamlinga You'll Never Walk Alone i 1971.

Som alle Presley-albuma på Camden, var albumet kort, for kort for eit fullprisalbum. I 1975 vart det gjeve ut på ny på Pickwick Camden Records med det originale katalognummmeret #CAS 2408. Plata vart gjeve ut på CD av Sony Music Entertainment i 2006.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads