From Memphis to Vegas/From Vegas to Memphis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
From Memphis to Vegas/From Vegas to Memphis er det 36. studioalbumet av Elvis Presley, gjeve ut i oktober 1969 av RCA Records. Innspelinga fann stad i American Sound Studio i Memphis, den 13. til 15. og 21. og 22. januar, og 17. til 18. februar 1969, i tillegg til konsertopptak frå International Hotel i Paradise i Nevada den 24. til 26. august 1969. Albumet nådde 12. plassen på Billboard 200, og vart sertifisert til gullplate den 13. desember 1969 av Recording Industry Association of America.[7]
Remove ads
Innhald
For å utnytte suksessen til From Elvis in Memphis og hitsinglane derifrå, og at han no hadde fått suksess som konsertartist i Las Vegas, vart Vegas/Memphis gjeven ut som det første dobbeltalbumet til Presley, og det første offisielle konsertalbumet.[8] Manageren til Presley, Colonel Tom Parker, sikra konsertar for ein månad på International Hotel, og Presley kasta bort alle musikarane han hadde spelt med gjennom 1960-åra og sette saman bandet som vart kalla Taking Care of Business band.[9] Musikarane brukte på den andre plata vart sett saman av Chips Moman for innspelinga i American Sound Studios i Memphis.
Det første albumet bestod av innspelinga frå desse konsertane, dei første for Presley sidan mars 1961 på Hawaii.[10] Han spelte signaturhittar frå 1950- og tidleg i 1960-åra i alg med versjonar av «Words» av The Bee Gees, den nyare hitsingelen «In The Ghetto» og ein lengre versjon av «Suspicious Minds».
Den andre plata bestod av ti innspelingar frå vinteren 1969 i American Sound som ikkje kom med på From Elvis in Memphis.[11] Sjølv om det i hovudsakleg var songar som var til overs, var «Stranger in My Hometown» likevel like intens som songane som kom ut på det førre albumet.[12] Av dei attvrande, hadde «The Fair's Moving On» og «You'll Think of Me» tidlegare vore gjevne ut som B-sider på høvesvis «Clean Up Your Own Backyard» og «Suspicious Minds» tidlegare på året.[13]
Remove ads
Nyutgjevingar
I november 1970 gav RCA ut dei to albuma som individuelle album, namnsette etter undertitlane frå det originale dobbeltalbumet, Elvis in Person at the International Hotel som LSP 4428, og Back in Memphis som LSP 4429.[14] Dei har blitt gjevne ut kvar for seg sidan den gongen. Heile Back in Memphis finst i plateboksen From Nashville to Memphis: The Essential 60s Masters, og på det doble samlealbumet med innspelingane frå American Sound Studio, Suspicious Minds.
Den 28. juli 2009 gav Sony Music Entertainment ut Back in Memphis på den andre plata av Legacy Edition-utgåva av From Elvis In Memphis. Ei liknande Legacy Edition av On Stage kom ut 23. mars 2010, med heile Elvis in Person at the International Hotel på den andre plata.
Follow That Dream har gjeve ut fleire utgåver av dei komplette konsertane til Presley frå august 1969 i Las Vegas. Konserten den 22. august vart gjeven ut på eit eige album og kalla In Person.[15] Midnattskonserten frå 23. august vart gjeven ut som Elvis At The International,[16] medan midnattskonserten den 26. august kom ut som All Shook Up.[17] Konserten frå 24. august finst på den første plata av boksen Live in Las Vegas frå 2001. I 2013 gav FTD ut heile midnattskonserten frå 25. august.
Remove ads
Medverkande
- Elvis in Person at the International Hotel
- Elvis Presley – vokal, elektrisk gitar, akustisk gitar
- James Burton – elektrisk gitar
- John Wilkinson − elektrisk gitar
- Charlie Hodge − gitar, korvokal
- Larry Muhoberac − klaverinstrument
- Jerry Scheff – bass
- Ronnie Tutt − trommer
- Millie Kirkham − korvokal
- The Imperials − korvokal
- The Sweet Inspirations − korvokal
- Bobby Morris and his Orchestra
- Back in Memphis
|
Overdub:
Millie Kirkham, Ronnie Milsap, Sonja Montgomery, June Page, Susan Pilkington, Sandy Posey Donna Thatcher, Hurschel Wiginton − korvokal |
Innhald
Side ein og to vert kalla Elvis In Person at the International Hotel, Las Vegas, Nevada; side tre og fire Elvis Back In Memphis.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads