Let's Stay Together

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Let's Stay Together» er ein song av amerikansk artisten Al Green frå albumet albumet med same namn frå 1972. Han vart produsert og innspelt av Willie Mitchell, og miksa av Mitchell og Terry Manning. Songen ut som singel i 1971 og nådde toppen av Billboard Hot 100. Han låg i alt 16 veker på lista og toppa òg Billboard si R&B-liste i ni veker.[1] Billboard rangert songen på 11. plassen for 1972.[2]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen hamna på toppen av årslista til Billboard for R&B-songar i 1972. I 2010 vart han utvald av Library of Congress til å koma med i National Recording Registry, som kvart år vel ut innspelingar som er «kulturelt, historisk eller estetisk viktige».[3] Rolling Stone rangerte han som den 60. beste songen gjennom tidene i 2011.[4]

Remove ads

I andre media

Songen vart nytta i Quentin Tarantino-filmen Pulp Fiction (1994),[5] filmen Hellboy i 2004 og filmen Munich i 2005. I 2003 vart han nytta i den romantiske filmen How to Lose a Guy in 10 Days og han kan høyrast i filmane Down to You (2000), Jersey Girl (2004) og Hope Springs i 2012.

På fjernsyn vart songen parodiert av The Fringemunks i serien Fringe,[6] og han vart framført i ein episode av Ally McBeal. Kermit Ruffins og bandet hans spelte songen i episode 9 i sesong 2 av HBO-serien Treme.

Den amerikanske presidenten Barack Obama song ei strofe frå songen på Apollo Theater i New York City den 19. januar 2012 under ein innsamlingsaksjon der Al Green var ein av artistane.[7]

Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (1971-72), Plassering ...

Andre versjonar

«Let's Stay Together» har òg blitt spelt av mange andre artistar, som Margie Joseph (produsert av Arif Mardin), Al Jarreau, Billy Paul, Roberta Flack,[15] Michael Bolton, Ms. Marilyn Marshall (Club version), Donny Osmond, Jimmy Smith, Seal, Michelle Williams, Ian Moss, Boyz II Men, Bobby Ross Avila, Big Mountain, Isaac Hayes, Robin Thicke, Brian Kennedy, Maroon 5, Terry Manning, Lemar, Shirley Bassey, The Memphis Horns, Ronnie Foster, Trenyce, Leah LaBelle, Joseph Murena, Elise Testone, Guy Sebastian, Craig David, The Rippingtons, Eric Darius, Lynda Carter og Katy PerryBarack Obama Fundraising Concert i Best Buy Theater i 2012.

Tina Turner-versjonen

Meir informasjon B-side, Tina Turner-kronologi ...

«Let's Stay Together» vart seinare spelt inn av Tina Turner, det ander samarbeidet hennar med britiske Heaven 17/B.E.F. etter «Ball of Confusion» i 1982, og tente som comebacksingelen hennar seint i 1983. Songen nådde 26. plassen på US Hot 100.[17] Han nådde sjetteplassen i Storbritannia (eit hakk høgare enn originalen til Al Green) og vart den tredje gongen ho nådde topp ti i Storbritannia. Tina Turner-versjonen gjekk òg til topps på US Dance Chart.[18] På den tida var songen den mest suksessrike solosingelen hennar og vart gjeven ut på det særs populære albumet Private Dancer nokre månader seinare på våren 1984. Musikkvideoen vart regissert av David Mallet.

Innhald

Worldwide 7" single

  1. «Let's Stay Together» (Edit) – 3:36
  2. «I Wrote a Letter" – 3:24

Worldwide 12" single

  1. «Let's Stay Together" – 5:14
  2. «I Wrote a Letter" – 3:24

Lister

Vekeslister

Meir informasjon Liste (1983–84), Plassering ...

Årslister

Meir informasjon Liste (1983), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads