Leuk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leuk (fransk Loèche-Ville) er ein kommune i distriktet Leuk i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 3 381 innbyggjarar (2010) og eit areal på 44 km². Kommunesenteret ligg 731 meter over havet.
Kommunen ligg ved Gemmipasset og var derfor ein strategisk stad i romerske Raetia. Varmekjeldene i Leukerbad ligg like nord for Leuk, nedanfor passet. Leuk er setet i distriktet Leuk.
Kommunen ligg ovanom høgresida av Rhône, mellom Daladalen og elva Feschelbach. Byen er omgjeven av vingardar. Han består av landsbyen Leuk-Stadt, slottet, landsbyen Susten på venstrebreidda av Rhône og grendene Brianen, Feithieren, Gampinen og Pfyn.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Leuk» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
- Coolidge, William Augustus Brevoort (1911). «Leuk». Encyclopædia Britannica (på engelsk) 16 (11. utg.). s. 504.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads